Tore Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore Lie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. november 1945 (78 år)
Bergen
Idrett turn
Tok del i

Sommar-OL 1972

Tore Lie (fødd 3. november 1945) er ein norsk tidlegare turnar frå Bergen som vann fem kongepokalar i åra mellom 1973 og 1977. Han var medlem i Bergens Turnforening.[1]

Lie høyrde til noregstoppen i turning frå slutten av 1960-talet og i ei tiårstid. Etter Åge Storhaug slutta var han den beste mannlege turnaren i landet og vart norsk meister i mangekamp i fem år på rad, 1973-77. Han deltok i Sommar-OL 1972 i München.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bryhn, Rolf (23. august 2023). «Tore Lie». Store norske leksikon (på norsk).