Tore Ulstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore Ulstein
Tore Ulstein.jpg
Fødd 21. desember 1967
Yrke maskiningeniør

Tore Ulstein (fødd 21. desember 1967) er ein norsk forretningsmann. Han er president i NHO (sidan 2013), visekonsernsjef (sidan 2006) og styreleiar (sidan 2011) i Ulstein Group og Ulstein Shipping. Tore Ulstein er son av konsernet sin tidlegare leiar, Idar Ulstein (1934–2012).

Tore Ulstein har doktorgrad innan marin hydrodynamikk og ei sivilingeniørgrad, begge frå NTNU, og diplom frå Massachusetts Institute of Technology (MIT). Tore Ulstein har arbeidd som førsteamanuensis II ved NTNU og som doktoringeniør ved Marintek, og har vore prosjektleiar og seniorrådgjevar i ulike ulsteinselskap. Frå 1999 har han hatt stillingar som viseadministrerande og administrerande direktør i fleire av selskapa i Ulstein Group.

Før Tore Ulstein blei styreleiar for Ulstein Group var han i fleire år nestleiar i styret. Han har hatt ei rekkje styreverv i nærings- og organisasjonsliv. I tillegg til å vere president for NHO er han medlem i Divisjonsstyret for Innovasjon, medlem i Norges Tekniske Vitenskapsakademi, medlem av Study Program Council for Marine Engineering, medlem av styringskomiteen for GCE Maritime, medlem av Norsk Industri sitt Maritime Innovasjonsutvalg og medlem av DNV sin Nordic Committee for Safety at Sea.