Torehytten

Koordinatar: 60°12′37″N 7°2′4″E / 60.21028°N 7.03444°E / 60.21028; 7.03444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Torehytta)

60°12′37″N 7°2′4″E / 60.21028°N 7.03444°E / 60.21028; 7.03444

Torehytten is located in Hordaland
Torehytten avmerkt på kart over Hordaland
Torehytten med Hårteigen i bakgrunnen
Foto: Roar Johansen

Torehytten (etter skrivemåten til Den Norske Turistforening og Statens kartverk,)[1] er ei sjølvbetjent turisthytte på Hardangervidda, i Ullensvang herad. Ho er den mest nærliggande hytta i Den Norske Turistforening sitt rutenett for turar til Hårteigen.

Denne hytta ligg ved Øvre Solvatnet, på rundt 1300 moh. Ho vart bygd i 1964 og er i dag eigd av Turistforeninga.

Torehytten er ikkje lett tilgjengeleg, men kan lettast nåast frå Hjølmadalen i Eidfjord via Hedlo og Hadlaskard. Hytta kan elles tilrådast som eit overnattingsalternativ på ruta frå Haukeliseter til Kinsarvik.

Frå Torehytten er det også merka ruter til Stavali, Hadlaskard, Tyssevassbu og Litlos.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]