Torfi Bryngeirsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torfi Bryngeirsson
Statsborgarskap Island
Fødd 11. november 1926
Island
Død

16. juli 1995 (68 år)
Reykjavík

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948

Torfi Bryngeirsson (11. november 192615. juli 1995) var ein islandsk friidrettsutøvar frå Vestmannaeyjar som i 1950 vart europameister i lengdehopp. Han deltok i stavhopp både under Sommar-OL 1948, Friidretts-EM 1950, Sommar-OL 1952 og Friidretts-EM 1954, utan å nå opp mellom dei åtte beste.

I 1950 sette Torfi landsrekord i stavhopp med 4,25 meter heime i Reykjavik. Vel tre veker seinare var han på plass i Brussel under EM i friidrett 1950, der han kvalifiserte seg til finalane i både stav og lengde. Ettersom begge finaletevlingane fann stad den 26. august, deltok han ikkje i stav-tevlinga (=nummer 10 med kvalifiseringshoppet 4,00 m), konsentrete seg i staden om lengde-tevlinga. Etter å ha vore tredje best i kvalifiseringa med 7,20 m, gjorde Torfi sitt livs lengdehopp i finalen då han landa på 7,32 meter og slo andremann med 10 centimeter.

Tidleg i juli 1951 forbetra Torfi den islandske stavrekorden til 4,32 m ved eit stemne i Stockholm. Han auka til 4,35 m den 1. august 1952 i Gävle, eit par veker før sommarleikane i Helsinki. Her var han ein av 19 utøvarar som tok seg over kvalifiseringshøgda på 4 meter, men i finalen stoppa han på 3,95 m og enda dermed på delt 14. plass. Ved europameisterskapen 1954 kvalifiserte Torfi seg til finalen med eit hopp på 4,05 m, men deltok ikkje vidare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]