Torfinn Einarsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.

Torfinn Einarsson eller Torv-Einarsson, med tilnamnet Hausakljuv (Þorfinnr hausakljúfr), var jarl på Orknøyane, truleg frå omkring 935 til 963. Han er omtala i Orknøyingasoga[1], i soga om Håkon den gode[2] (kap.4), soga om Olav den heilage[3] (kap. 96) og i andre av dei norrøne sogene. Opplysningane er usikre og kan berre i liten grad verifiserast frå andre kjelder.

Familie[endre | endre wikiteksten]

I sogene er det opplyst at Torfinn var son til orknøyjarlen Einar Ragnvaldsson (Torv-Einar) og at han hadde to brør: Arnkjell og Erlend. Torfinn hadde truleg òg ei syster som heitte Tordis, slik det er nemnt i Landnåmaboka[4] (kafli 74).

I soga om Olav den heilage og i Landnåmaboka[4] (kafli 36) er det fortalt at Torfinn Hausakljuv vart gift med Grelod (Grélaðar), dotter åt Dungad jarl frå Katanes [Note 1].) og med henne fekk han sønene Arnfinn, Håvard, Lodve, Ljot og Skule. I Orknøyingasoga blir det fortalt at Arnfinn Torfinnsson vart gift med Ragnhild, dotter til Eirik Blodøks. Ragnhild let Arnfinn drepe, og ho gifte seg deretter bror hans, Håvard (den årsæle), men han òg let ho drepe. Sidan gifte ho seg med den tredje broren, Ljot Torfinnsson. Ragnhild Eiriksdotter var mykje lik på Gunnhild, mor si, og ho er omtala som ei vond og svikefull kvinne[5].[Note 2]

Torfinn og Grelod hadde òg to døtre som vi ikkje kjenner namnet på. Kvar av dei fekk ein son som heitte Einar; Einar Klinig (kliningr) og Einar Hardkjeft (harðkjotr).

Jarl saman med brørne[endre | endre wikiteksten]

Etter at Torv-Einar døydde, vart Torfinn og brørne hans sams jarlar på Orknøyane. Det blir ofte rekna med at Einar døydde i 910, men tidsrekninga er usikker. Dette dødsåret gir ei uvanleg lang styrigstid for sønene hans (frå 910 til 954/963), og det verkar meir truleg at Einar kan ha levd lenger, kanskje til midten av 930-åra. Snorre skriv i soga om Olav den heilage (kap.96), at Eirik Blodøks kom til Orknøyane etter å ha blitt forvist frå Noreg, og då var Torv-Einar død. Truleg skjedde dette heilt på slutten av 930-åra.

Frå Orknøyane drog Eirik Blodøks på hærferd til dei britiske øyane og brørne Erlend og Arnkjell var i lag med han. I Orknøyingasoga (kap. 8) er det opplyst at begge brørne Erlend og Arnkjell fall i eit slag, saman med Eirik Blodøks, truleg skjedde det i slaget ved Stainmore[6] i 954. I den angelsaksiske krønika[7] for åra 948 og 954, finn vi òg støtte for at Eirik (Eric) sitt herredøme over Northumberland var slutt på denne tida.

Etter at brørne var borte, var Torfinn aleine jarl på Orknøyane til han døydde.

Staden på South Ronaldsay (Howe of Hoxa broch), der Torfinn jarl skal ha blitt gravlagd.

Ein stor hovding[endre | endre wikiteksten]

Orknøyingasoga skildrar Torfinn Einarsson jarl som ein stor hovding, stridshuga - men folk tykte at han var ein gjæv kar. Han levde til å bli ein gamal mann og døydde på sotteseng ein gong i styringstida til kong Harald Gråfell, truleg omkring 963. Han skal ha blitt gravlagd på HaugaheidiRognvaldsøy (i dag: Howe of Hoxa på South Ronaldsay)[8].

I vår tid har ein ølsort frå Sinclair Breweries på Orknøyane fått namnet «SkullSplitter», som er kalla opp etter Torfinn Hausakljuv (norrønt: hausakljúfr som tyder «haus-kløyvar»).


Referanseside Føregjengar O r k n ø y j a r l Etterkomarar Tilleggsopplysningar
Orknøyjarlane Einar Ragnvaldsson Torfinn Einarsson
Samstyre:
Arnkjell Einarsson
Erlend Einarsson
Arnfinn Torfinnsson -

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Etter Landnåmaboka var mor til Grelod, Groa (Gró), dotter åt Torstein Raud. Han var ein vikinghovding, son til kong Olav Kvite i Dublin.
  2. Det høyrer òg med i denne soga at Ljot Torfinnsson seinare kom i usemje med Skule, bror sin, og drap han i eit slag på Katanes.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  2. Soga om Håkon den gode frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  3. Soga om Olav den heilage frå heimskringla.no omsett av S. Schjött (1900)
  4. 4,0 4,1 Landnåmaboka frå snerpa.is Om Tordis og Grelod
  5. Skjebneveven : om sagaens kvinner av Vera Henriksen (Oslo 1998)
  6. Anglo-Saxon England s.362, av Sir F. Stenton (1971)
  7. The Anglo-Saxon Chronicle Online Medieval and Classical Library
  8. Sutherland and Caithness in saga-time (Edinburgh 1922) side 25

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]