Torgeir Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torgeir Andersen
Fødd16. februar 1916
Nøtterøy kommune
Død5. februar 1991 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, kontorsjef
Alle verv

Torgeir Andersen (16. februar 19165. februar 1991) var ein norsk politikar frå Nøtterøy i Vestfold. Han var stortingsrepresentant frå Vestfold for partiet Høgre i tida 1969-77.

Andersen var son til ein skipper. Han tok eksamen på handelsgymnas i 1936 og arbeidde ved Vestfold kjemiske fabrikker frå 1936 til 1965, dei tre fyrste åra som bokholdar, sidan 1939 som kontorsjef til 1965. Frå 1958 var han også kontorsjef ved A/S Norsk Betongvarefabrikk til han i 1969 kom inn på Stortinget.

Andersen var medlem i Nøtterøy kommunestyre frå 1952 til 1971, som ordførar 1960-69. Perioden 1964-69 var han i tillegg ordførar for fylkestinget i Vestfold. Hausten 1969 vart han vald inn på Stortinget og vart attvald fire år seinare. Han sat dei tre fyrste sesjonane i Administrasjonskomiteen og dei fem siste i Sosialkomiteen. Elles var han sekretær i Stortinget i sesjonen 1971-72.

Etter han forlét Stortinget dreiv han frå 1978 til 1990 eige rekneskapsfirma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]