Torgeir Bjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgeir Bjørn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mars 1964 (58 år)
Alvdal
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1988

Torgeir Bjørn (fødd 9. mars 1964) er ein norsk tidlegare langrennslaupar fødd i Alvdal.[1]

Han vart norsk juniormeister på 15 km i 1983 – saman med syskjenbarnet Jan Erik Bjørn vart det dobbeltsiger. Han var på landslaget i fleire år og gjekk inn til ellevteplass på 50 km fristil i OL i Calgary i 1988. Faren, Kristian Bjørn, var og ein merittert skilaupar med mellom anna bronse på 4x10 km stafett i VM på ski i 1950 i Lake Placid.

Etter 10 års samarbeid med trenaren Roger Grubben innleidde skiskyttaren Ole Einar Bjørndalen i juli 2010 eit samarbeid med Torgeir Bjørn som hovudtrenar.[2]

Frå midten av 1990-talet har han vore sportskommentator for NRK både på TV og i radio.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Torgeir Bjørn». sports-reference.com. Arkivert frå originalen 2011-09-16. Henta 2. januar 2010. 
  2. «Bjørndalen bryter med suksesstrener», av Andreas Budalen på nrk.no 20. juli 2010
  3. Bratland, Tore Ulrik (25. november 2020). «Drastiske NRK-grep». dagbladet.no (norsk). Henta 14. mars 2021.