Torgeir Torgersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgeir Torgersen
Fødd 10. mars 1923
Stavanger kommune
Død

11. januar 2001

Yrke fotballspelar

Torgeir Torgersen (10. mars 192311. januar 2001) var ein norsk fotballspelar frå Stavanger som var målvakt i Viking Fotballklubb og på Noregs landslag.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Torgersen debuterte for Viking etter freden i 1945 og spelte til saman 130 kampar fram til 1950. Han deltok på Viking-laget som spelte seg fram til finalen i noregsmeisterskapen 1947, der Viking tapte 0–2 mot Skeid. I 1950/51 var han profesjonell fotballspelar hos den franske hovudstadsklubben Stade Français Paris. I tida 1958-60 vakta han Viking sitt mål i fem seriekampar før han la opp som aktiv spelar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Torgersen fekk sin landslagsdebut 11. juni 1947 då Noreg vann 3-1 over Polen. Etter ein «strålende debutkamp» rykte han inn som fast landslagsmålvakt og «utviklet seg til en målmann av aller første klasse. Mange hevdet at Torgeir Torgersen var jevngod med Tippen Johansen i hans glanstid».[1] Torgersen spelte sin siste av i alt 22 landskampar mot Irland i Dublin den 26. november 1950, eit oppgjer som enda 2-2. Grunna amatørreglane til Norges Fotballforbund vart Torgersen utestengd frå å spele fleire kampar for Noreg då han i 1950 vart proff i Frankrike.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili:Fotballboken:97