Torgeir Halvardsson Nes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Torger Halvorsen Næss)
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgeir Halvardsson Nes
Fødd 1772
Luster
Død

24. august 1853

Yrke bonde, politikar

Torgeir Halvardsson Nes (177224. august 1853) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Luster i Sogn.

Nes var gardbrukar i heimbygda Luster. Elles dreiv han i tiåra kring 1800 og kjøpte opp gardar i Romsdal, som han selde vidare til folk frå Indre Sogn som så vandra ut frå heimbygdene. Han kom tidleg i kontakt med Hans Nielsen Hauge, og var sentral i lekmannsrørsla i indre delar av Sogn. I 1838 vart han medlem av det fyrste heradsstyret i Luster.

Nes representerte Nordre Bergenhus amt på omframstortinget 1814, og på Stortinget 1815-16 og i 1833. Han var i 1815-16 medlem av tre komitear, kyrkjekomiteen den eine og om sal av embetsgardar ein annan. I 1833 var han medlem av næringskomiteen.

Nes døydde på garden sin i Luster i 1853.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]