Torgfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torgfjorden sett frå Torghatten

Torgfjorden er ein fjord i Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden ligg på austsida av Brønnøysund og øya Torget der Torghatten ligg. Fjorden strekkjer seg 19 km nordaustover til Skille i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Torgværet i vest og Sømnesøya i aust. Torghatten ligg på vestsida like innfor innløpet. Det ligg mange øyar og skjer innover i fjorden. Svennøya og Kjølsøya er to av dei og på søraustsida av desse ligg Skillbotnfjorden. Brønnøysund ligg på vestsida av fjorden, nord for Svennøya.

Fylkesveg 17 går langs austsida av fjorden, medan Fv54 går langs delar av vestsida.