Torgrim M. Kleppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgrim M. Kleppen
Fødd 6. oktober 1849
Død

12. juni 1920

Yrke politikar

Torgrim Matiasson Kleppen (6. oktober 184912. juni 1920) var ein gardbrukar, lensmann og politikar frå Sauland i Telemark. Matias Matiasson Kleppen var far hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kleppen var gardbrukar på Leine i Sauland frå 1878. Han var ein iherdig gardbrukar, som også eigde gardane Tveitan i Melum, Natadal og Vindal i Seljord og farsgarden Kleppen i Sauland. Også bygarden Bellevue i hovudstaden eigde han ei tid.

Frå 1878 til 1907 var Kleppen lensmann i Hjartdal, ei stilling han tok over etter far sin. Det har vorte fortalt at han som lensmann tok ein heddøl, som ofte var mellom bråkmakarane og mest bar han ut frå dyrskuplassen. T. O. Mosebø sa det slik: «Kleppen var stor og sterk og heddølen ein liten vott, så det var løgleg å sjå på».

Kleppen var med å stifte ei rekke selskap som Sauland Varelag, Hjartdal Sparebank, Sauland Meieri og Ysteri og Øst-Telemarkens Automobilselskap. Han var også svært interessert i fèavl og var med på å få i stand dyrsku i Sauland som årleg vart halde frå 1875 til 1910. Frå 1900 var han leiar av Skien-Telemarkens dampskipsselskap.

Kleppen var 1. vararepresentant til Stortinget frå Bratsberg amt både 1895-97 og 1898-1900. Han møtte på Stortinget fyrste gongen i 1895 frå 16. juli og ut sesjonen. Også i 1896 møtte han som varamann, då i fleire korte bolkar. Dei to valperiodane mellom 1900 og 1906 var han 3. representant frå amtet på Stortinget. 1900-03 var han medlem av landbrukskomiteen, medan han 1903-06 var med i tollkomiteen. Elles var han medlem av Vestlandsbanekomiteen og 1906-09 av ein departemental pensjonskomite.

Kleppen var medlem av heradsstyret i Hjartdal 1875-1910, og frå 1913 til -20, derav i seks år ordførar. Medlem av forlikskommisjonen frå 1876. I 1919 fylte Kleppen 70 år og sa frå seg ordførarombodet, men heldt fram som medlem av heradsstyret. Kleppen var «på grunn av sitt rettlinjede, bramfrie vesen og sin greie opptreden, aktet og avholdt av alle han kom i berøring med».

Han vart tildelt 7. juni-medaljen.

Kleppen døydde av slag 12. juni 1920, knapt heimkomen frå forretningsreise til hovudstaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia