Torgunn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Torgunn er eit kvinnenamn av norrønt oppav. Det norrøne Þórgunnr, er sett saman av gudenamnet Tor og gunnr eller guðr, 'kamp, strid', truleg med tolkinga valkyrje. Torgunn har namnedag den 6. juli.

Ein finn namnet Torgunn i fleire norrøne soger.

Torgunn Vesetesdotter frå Bornholm er nemnd som mor til den danske sogehelten Vagn Åkesson som levde på 900-talet. Torgunna Vagnsdatter var mor til Bodil Thrugotsdotter, ei dansk dronning som levde på 1000-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]