Tori Stødle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tori Stødle
Fødd1. juli 1942
FødestadOslo
Død12. august 2022 (80 år)
OpphavNoreg
Instrumentpiano
Verka somprofessor, pianist
PrisarNordlysprisen

Tori Stødle (1. juli 194212. august 2022) var ein norsk pianist og professor ved Musikkonservatoriet ved Universitetet i Tromsø.[1]

Stødle var utdanna klaverpedagog. Ho hadde vore elev av Mary Barratt Due og Robert Riefling og hadde studert ved Juilliard School i New York i USA og ved Staatliche Hochschule für Musik i Stuttgart.[1] I 1987 vart ho førsteamanuensis ved Nordnorsk Musikkonservatorium, der ho seinare vart professor.[1] Stødle debuterte som konsertpianist i 1970. Ho har halde konsertar i inn- og utland, og dessutan spelt inn fleire plater.[1]

Kong Harald V av Noreg utnemnde i 2011 Stødle til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen hennar for norsk kulturliv.[2]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Stødle får St. Olavs orden»[daud lenkje], Universitetet i Tromsø, besøkt 19. august 2014.
  2. «Utnevnelse til St. Olavs Orden», kongehuset.no, besøkt 28. januar 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]