Torill Thorstad Hauger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torill Thorstad Hauger
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. november 1943
Oslo
Død

4. juli 2014 (70 år)
Oslo

Yrke skribent, illustratør, barnebokforfattar
Sjanger barne- og ungdomslitteratur

Torill Thorstad Hauger (22. november 19434. juli 2014)[1] var ein norsk forfattar og biletkunstnar.

Hauger var utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, og studerte etnologi, folkeminne og nordisk arkeologi ved Universitetet i Oslo

I perioden 1970–75 arbeidde Hauger ved Oldsaksamlingen ved Historisk Museum i Oslo. I denne tida arrangerte ho utstillingar på museet om vikingtida, i tillegg til å driva med guiding av vitjande.

Dei fleste av bøkene hennar er for barn og ungdom, og har handling frå ulike historiske periodar, ofte frå vikingtida. Deu fem bøkene Røvet av vikinger, Flukten fra vikingene, Sigurd Drakedreperen,Tord Illugesson og Ravnejenta har handling frå det same miljøet, men sett frå ulike vinklar. I dei to første bøkene ligg synsvinkelen hjå irske trælar, i den tredje hjå en jarleson og i Ravnejenta hjå ei jente som har lækjande evner, og lever utanfor samfunnet.

Filmen Sigurd Dragedreper frå 1989 byggjer på romanen Sigurd Drakedreperen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Karl Eugen Olsen fra Vika (1976)
  • Røvet av vikinger (1978)
  • Flukten fra vikingene (1979)
  • Det kom et skip til Bjørgvin i 1349 (1980)
  • Trekk fra Oslos historie (1981)
  • Sigurd Drakedreperen (1982)
  • Krestiane Kristiania (1984)
  • I Dorotheas hus (1986)
  • Ravnejenta (1989)
  • Varulven og Iselin (1992)
  • Sagaen om Håkon og Kristin (1993)
  • Tarzan på loftet (1993)
  • Tord Illugesson (1995)
  • Den lange reisen:
    • Del 1: Amerika, Amerika (1987)
    • Del 2: Rødhudenes land (1988)
    • Del 3: Lincolns blå soldat (1990)
    • Del 4: Oppbrudd (1991)
  • Den store Chicagoreisen (1999)
  • Ulvebarna i Vikingdalen (2003)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Torill Thorstad Hauger er død (nrk.no, 5. juli 2014)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]