Torkel Lende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torkel Lende
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. november 1849
Død

1909 (59 år)

Yrke oppfinnar

Torkel Jonsson Lende (17. november 18498. januar 1909) var ein norsk lærar, maskinarbeidar og oppfinnar frå Time i Rogaland.

Lende gjekk ein lærarskule i heimbygda, saman med mellom andre Arne Garborg, og var ei lita tid folkeskulelærar. Tidleg byrja han å sysle med ymse slag oppfinningar, fyrst for heimeindustrien, i til dømes skomakarhandverket. Seinare flytta han til Stavanger og vart maskinarbeidar. Han forbetra maskinar og fann opp nye, særleg hermetikkindustrien drog nytte av verksemda hans. Særleg er han kjend for å ha funne opp ei maskin til å klippe brisling med. Han «hadde liten forretningssans, og andre hausta dei økonomiske fruktene av arbeidet hans, til dels også æra for oppfinningane».

Han døydde i Stavanger, 59 år gammal. Der vart han i 1954 heidra med Torkel J. Lendes gate som ligg på Våland.

Torkel Jonsson Lende var stefaren til Lars H. Lende.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]