Torkild Fosse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torkild Fosse
Fødd16. februar 1828
Sauland
Død1. juli 1902 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lærar, bibliotekar
Alle verv

Torkild Olsson Fosse (16. februar 18281. juli 1902) var ein lærar og stortingsmann frå Sauland i Telemark. Han var medlem av Venstre.

Fosse var son til ein gardbrukar. Han vart seminarist frå Holt seminar i 1846 og var i dei komande åra privatlærar. I 1854 vart han lærar ved borgarskulen i Tromsø, frå 1856 også timelærar ved middel- og realskulen i byen. Han avla eksamen til artium i 1864, men tok ikkje studiar fatt. I staden heldt han fram som lærar i Tromsø og han var bibliotekar ved Tromsø kommunale bibliotek. Han slutta lærargjerninga i 1898.

Fosse var i over 20 år medlem av bystyret i Tromsø, og ordførar i fleire år. Han representerte bykrinsen Tromsø og BodøStortinget frå 1883 til 1888. Perioden 1883-85 var han medlem av justiskomiteen, samt 1883 av traktatkomiteen. Medan han 1886-88 var medlem av Lagtinget og av justiskomite nr 2.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]