Torkjell Olsson Villand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torkjell Olsson Villand
Fødd 1719
Død

1776 (57 år)

Torkjell Olsson Villand (17191776) var den tredje av sønene hans Blank-Ola, og skal ha vore den klokaste av alle villandskarane. Han var lensmann og sakførar i Ål og var rekna som ein bygdehovding i tida.

Torkjell rauk ikkje ut i slagsmål som den eldre broren Tolleiv. Han var høg, ein av dei høgaste i Hallingdal i si tid, etter det Øvre Hallingdals Kompani meldte i 1742.

Han livnærte seg som handelskar og bonde liksom faren, men frå 1740 laut han ofte møte på tinget for å vitne for farbroren som låg i gardstvist. Dette gjorde at Torkjell vart ein dreven jurist, som ikkje var grei å takast med for styresmakta. Han låg elles ute vinteren 1743, og fekk rang av korporal.

Sakføraren[endre | endre wikiteksten]

Som tida gjekk, var det Torkjell som førte sakene for brørne når dei kom opp i tretter, og han vitna og for mora, Ragnhild Ellingsdotter Villand, i saka mot eldste broren. I 1747 heldt Torkjell helvta av alle dei sakene som kom opp det året, og han gjorde sterkt inntrykk med talene han heldt.

Han likte å halde store talar og brukte ofte dristige bilete, tumla og gjerne med framandord og slo um seg med paragrafar og tilvisingar til lovbok kapitel og artikel. "Kongens Lov" og Kongens forordninger" var heilage for han, dei måtte ein ta bokstaveleg som Bibelen. (Reinton).

Torkjell var så skarp at han erta på seg amtmannen i eit ordskifte, og vann gjennom solid ordlegging. Lars Reinton skriv at dette hende seg før han vart lensmann, i 1750.

Kvar elles i Europa vil ein i den tida finne ein bondegut som våga seg til å stemne for retten høgaste embetsmannen i distriktet til den eineveldige kongen? (Reinton).

Torkjell vart lensmann 1756, tilsett etter at førre lensmannen var avliden. Han vart det etter søknad og godkjenning. Ikkje lenge etter søkte han amtmannen om å få vera autorisert prokurator. Han grunngav det med at det knapt fanst nokon som førte bøndenes sak, og var bonde sjølv. Han fekk autorisasjon tidleg på året 1756.

Dei neste åra førte han fleire saker enn før, no med offentleg godkjenning, over heile Hallingdal. Han vart den mest nytta sakføraren på dei kantar i den tida. Han førte jamvel sak for folk i Kongsberg. Men han vart misunt stillinga av dei andre sakførarane. Folketradisjonen har dette i friskt minne. Folk sa om Torkjell at «han kunna so mykji at han førde saki på tinget.»

Tidleg i 1760-åra gjekk dei andre prokuratorane ut mot han for å få han til å legge ned verksemda si. Torkjell svara med å leggje fram attesten, og fekk di større vørdnad mellom folk. Frå då av vart han tiltala som monsieur, ei nemning som på den tid berre høyrde til dei høgtståande i samfunnet. Segnene fortel elles at Torkjell kunne vera sløg, og "gjorde rett til rangt og rangt til rett". Det er kjend at han slog til seg mykje av arven etter farbroren, Tolleiv Rikansrud.

Amtmannen i Buskerud skriv følgjande om Torkjell i 1761, etter at Torkjell hadde brote ekteskapslova:

Han er ellers en Mand af et meget godt og ordentlig forhold, og saa bequem en Lænsmand, at jeg eo intuitu, og for ey at see hans Liden circul turberet, heller ynskede, at Deres Excellence og samtlige høye Hærer vilde ansee ham den Kongelige Naade værdig, at han for videre action og tiltale i denne Sag maatte forskaanes...

Lars Reinton legg vekt på at Torkjell naut stor vørdnad hjå bygdefolket, og tedde seg med stor tryggleik på seg sjølv. Den siste saka han førte, var mot sjølvaste presten, Nils Qvam. Saka handla om beiterett og skogdrift. Prestegarden var næraste grannen til Villand, slik dei framleis gjer, og Torkjell drog presten til tings av di bufeet hans hadde beita på Villandsjordene, jamvel på dyrka mark. Presten svara med å stemne Torkjell for ulovleg hogst i prestegardsmarka nokre år seinare (1770).

Torkjell førte saka godt, vert det fortald. Han siterte like mykje frå Bibelen som frå kongens lov, av di det var presten han stod opp mot. Presten gjekk ikkje inn på forlik, og domen fall i oktober 1774. Då vart det til at

Sorenskriveren ikke kom overens med Lougrettet, som erklærede sig af en Modsadt Meening; og derfor reserverede Sorenskriveren sig siden at indtage sitt forfattede Votum, med først tilførte følgende af Lougrettet opgivne Dom...at den omtvistede Præstegaards Skov, bør, uindskrænket, som tilforn, være til brug og nyttiggjørelse, for Torchel Willands Sundre Gaard, med Præstegaarden.

Skrivaren sa seg ikkje samd i dette, og dette er første gong skrivaren og lagretten skilde lag i domfellinga, fortel Lars Reinton.

Saka vart ført vidare i lagtinget i Christiania. Torkjell laut reise inn til byen, og den nye soknepresten var motmann. Qvam var avliden då. Torkjell sjølv var ikkje ved god helse, men folketradisjonen fortel at han låg på det siste, og sa: At e inkji kunna leva lite lenger, so e kunna få bunkebrune denne presten lite. Saka vart teken oppatt i 1776, men då var Torkjell alt daud.

Torkjell si stilling som sakførar, og kampen mot presten, fell saman med det gryande medvetet for sjølvstende i Noreg, Struensee-tida og Lofthusreisinga. Han tykkjest vera eit uvanleg døme på ein evnerik bondegut som vann mot styresmakta i ei vanskeleg tid.

Torkjell som byggmeistar[endre | endre wikiteksten]

Torkjell Villand er elles hugsa som byggmeister og bonde. Han førte opp mange nye hus på Villand. Torkjell bygde og ny tingstuguSundre i Ål. Han sette og opp ei stugu på Nyhus, som seinare vart flytt til Frognerseteren, der ho står den dag i dag. Torkjell hadde for vane å skjera treskurd på husa han sette opp. Det har vore framlegg om at han tok til seg mykje handsverkskunne medan han låg ute som soldat i Holstein i 1742.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Torkjell var ryddig i offentlege saker, men tradisjonen fortel at han ikkje åtte eit like ryddig privatliv. Han vart gift med ei Birgit Jakobsdotter, dotter av Jakob Rue i Hovet, i 1745. Året etter fekk dei ei dotter som var kalla Ragnhild. Dette var einaste barnet dei fekk i lag. Båe to snytte på kvar sin kant, og Torkjell laut bøte for lausungar han liksom faren Blank-Ola. Same året han vart gift, vart dei døpt ei jente på Torpo, som Torkjell skulle vera far til. Desse sakene vart nytta mot han av dei andre sakførarane under tvisten i 1761. Han fekk og ei dotter, Jørond, som vart buande på Villand og førte slekta vidare der. Ho nemnde seg Jørond Torkjellsdotter, men lyrkjebøkene frå denne tida gir ikkje visse svar på farskapen. Etterslekta rekna seg i alle fall som etterkomarar av Torkjell Villand.

Ragnhild Villand vart røva av Lars Hove, av di faren Torkjell sette seg mot giftarmålet. Segna fortel at Ragnhild fira seg ned frå andre høgda på den nye stugun på Sundre, og dei vart vigde i 1766. Etter desse er det ei stor etterslekt i Hallingdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Lars Reinton: Villandane, ein etterrøknad i norsk ættesoge, Oslo 1939.