Torlaug Løkensgard Hoel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torlaug Løkensgard Hoel
Fødd1939
NasjonalitetNoreg
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Torlaug Løkensgard Hoel (fødd i 1939) er ein norsk professor emeritus i skriving, pedagogikk og norsk didaktikk ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU.

Ho tok cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1966, og vart cand.philol. ved Universitetet i 1973 med hovudoppgåva Draumen om frigjering: eit hovudtema i Hans Børlis lyrikk i nordisk. I 1995 vart Hoel dr. art. ved Universitetet i Trondheim på avhandlinga Elevsamtalar om skriving. Responsgrupper i teori og praksis.[1]

Hoel arbeidde som adjunkt ved Gerhard Schønings vidaregåande skule frå 1967, og seinare som lektor. Ho var amanuensis/førsteamanuensis ved Pedagogisk seminar, Universitetet i Trondheim (i dag Program for lærarutdanning, NTNU) frå 1980, og professor frå 1999. Frå 2002-2005 var ho prodekan ved Fakultet for samfunnsvitskap og teknologileiing. Torlaug Løkensgard Hoel er medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

I 2012 fekk Torlaug Løkensgard Hoel og Sissel Lie NTNUs likestillingspris for innsatsen sin gjennom fleire år, der dei har halde fleire opprykkurs for kvinnelege forskarar i førsteamanuensisstillingar, vore mentorer i NTNU sine mentorprogram og halde skrivekurs for kvinnelege stipendiatar.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Utvalde bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1990 Skrivepedagogikk på norsk. Prosessorientert skriving i teori og praksis. Cappelen ISBN 978-82-021-2391-8
  • 2000 Skrive for å lære, med Olga Dysthe og Frøydis Hertzberg. Abstrakt forlag. ISBN 978-82-7935-293-8
  • 2008 Skriving ved universitet og høgskolar. Universitetsforlaget ISBN 978-82-150-1339-8
  • 2008 Det store spranget: ny som lærer i skole og barnehage, med Brit Hanssen, Rachel Jakhelln og Sissel Østrem. Tapir akademisk forlag. ISBN 978-82-519-2282-1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Torlaug Løkensgard Hoel - ein lærer som lyttar». Universitetsavisa. 24. november 2006. Arkivert frå originalen 2016-04-23. 
  2. «Likestillingsprisen 2012». ntnu.no. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]