Tormes
Tormes | |||
elv | |||
Salamancakatedralen ligg ved Tormes
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 7 096 km² | ||
Lengd | 284 km | ||
Middelvassføring | 42,43 m³/s | ||
Kjelde | Navarredonda de Gredos | ||
Munning | Duero | ||
![]() Tormes | |||
Wikimedia Commons: Tormes River | |||
Tormes er ei elv i Spania. Ho spring ut i Prado Tormejón i Gredosfjella i Navarredonda de Gredos i provinsen Ávila. Ho renn gjennom provinsane Avila og Salamanca, og munnar ut i Duero i kommunen Villarino of Airs. Elva er 284 km lang. På grunn av dei varierande nedbørmengdene i området tørka elva tidlegare inn om sommaren, og mot slutten av 1960-åra vart det derfor dammen Santa Teresa bygd. Denne har ein kapasitet på 496 millionar kubikkmeter vatn som gjer at elva har vatn om sommaren og hindrar flaum i elva om vinteren.
I tillegg finst dammane Villagonzalo og Almendradammen.
Stader langs elva[endre | endre wikiteksten]
Frå nord til sør:
- Salamanca
- Santa Marta de Tormes
- Guijuelo
- Navamorales
- Losar
- Avila
- Navacepeda de Tormes
Sideelvar[endre | endre wikiteksten]
- Zurguén
- Corneja
- Almar
- Aravalle
- Becedillas
- Caballeruelo
- Alhándiga
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «River Tormes» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2009.