Tormod Hallstein Høgåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tormod Hallstein Høgåsen
Fødd21. august 1937
Nord-Fron kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
Noregs tekniske høgskole
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Tormod Hallstein Høgåsen (fødd 21. august 1937) er ein norsk fysikar. Høgåsen har arbeidd mykje med teorien for strukturen til elementærpartiklane og kreftene som verkar mellom dei. Han har òg drive eksperimentelle undersøkingar med mössbauereffekt og sonoluminescens.

Han tok dr.techn. i 1964. Han var forskar ved mellom anna Universitetet i Paris, ved CERN og ved State University of New York. Han vart dosent ved Universitetet i Oslo i 1969, og professor der i 1984.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grøn, Øyvind (14. februar 2009), «Tormod Hallstein Høgåsen», Store norske leksikon, henta 17. november 2013