Tormod Kolbrunarskald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Tormod Kolbrunarskald (Þormóðr Kolbrúnarskáld) eller Tormod Bersasson (ca. 99729. juli 1030) var ein islandsk skald som var fødd på slutten av 900-talet, kanskje 997, og døydde etter slaget på Stiklestad.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i IsafjordenIsland, truleg på garden Dyrdilmyr, og foreldra hans var bonde Berse Halldorsson og Torgerd, kona hans. Han hadde ein fosterbror som heitte Torgeir Håvarsson. Det er ikkje kjent om Tormod var gift, eller om han hadde born. Tilnamnet «Kolbrunarskald» skal han ha fått fordi han dikta eit lovkvad til ei kvinne som, på grunn av sine mørke augnebryn, vart kalla «Kolbrun».

Norrøne kjelder[endre | endre wikiteksten]

Soga om Tormod Kolbrunarskald er basert på usikre kjelder, men skaldeversa hans gir til ein viss grad støtte for innhaldet.

Dei viktigaste opplysningane om livet til Tormod finst i islendingesoga «Soga om fosterbrørne»[1] (Fóstbrœðra saga), der han og fosterbroren er hovudpersonane. Det finst òg ein eigen «tått» om han: Tormodståtten[2][3]. Soga om fosterbrørne finst ikkje i ei, samla utgåve, noko er henta frå handskriftsamlinga Möðruvallabók (AM132 fol) frå omkring 1320-1350 og noko frå samlinga Hauksbók (AM 544 4to) frå omkring 1290-1360. Nokre av opplysningane er òg tekne med i sogene om Olav den heilage[4], men med endringar og tillegg, særleg når det gjeld hendingane i slaget ved Stiklestad og om korleis Tormod døydde.

I Skaldatal[5] er han ført opp som skald hos kong Olav den heilage.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

I «Soga om fosterbrørne» bli det sagt om Tormod Kolbrunarskald at han var «alt i ung alder god kar og hugstor. Han var medels på vokster, med svart, krulla hår». Soga byrjar med å fortelje om livet til Tormod og Torgeir på Island og dei er skildra som nokså villstyrige. Det er nemnt at folk var redd dei. Om Torgrim er sagt at han var ein av «storkjempene» på Island og han gjorde mange manndrap; til sist vart han sjølv drepen av den grønlandske hovdingen Torgrim Trolle og «nordlendingen» Torarin Ofse.

Etter at fosterbroren var død, reiste Tormod frå Island. Han skal då ha vore ei tid hos kong Knut den store i Danmark, men seinare kom han i teneste hjå kong Olav Haraldsson i Noreg. Då han hadde vore ein vinter hjå kongen, reiste Tormod til Grønland der han drap Torgrim Trolle som hemn over drapet på fosterbroren. Sidan reiste han attende til Noreg og var hos kong Olav resten av livet.

Han følgde med kong Olav då han omkring 1028 rømde frå Noreg og drog til Gardarike. Seinare kom Tormod attende til Noreg saman med kongen og var med i slaget ved Stiklestad i 1030. Der vart han såra og døydde rett etter slaget.

I sogelitteraturen er Tormod Kolbrunarskald kanskje blitt mest kjend på grunn av Snorre si skildring om korleis han døydde. Han var dødeleg såra etter å ha fått ei pil i brystet og då han etter slaget sjølv drog ut pila, skal han ha avslutta livet med desse orda: «Godt har kongen fødd oss, enno er eg feit om hjarterøtene». Sogene skildrar han som særs dugande til å seie fram kvad (telja kvæði) og før slaget på Stiklestad skal han ha kveda diktet Bjarkemål[6] for kongshæren og han fekk stor ros for framføringa.

Desse dikta av Tormod Kolbrunarskald er kjende:

Torgeirsdråpa[7] - eit hyllingsdikt om venen og fosterbroren Torgeir.
Lausaviser[8] 25 viser med ymse innhald.

Han skal òg ha laga kvadet Kolbrúnarvísur, men det er gått tapt. Det er noko usikkert om alle dei 25 lausavisene verkeleg er dikta av han, særleg er det reist tvil om strofene han skal ha dikta på Stiklestad, døyande med ei pil gjennom hjartet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Soga um fosterbrørne omsett av Olav Røkke (Oslo 1933)
  2. ÞORMÓÐAR ÞÁTTUR etter Soga om fosterbrørne (snerpa.is)
  3. ÞORMÓÐAR ÞÁTTUR etter Flatøyboka (snerpa.is)
  4. Olafs saga hins helga (1849) norrønt språk
  5. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  6. Bjarkamál in fornu Arkivert 2015-12-27 ved Wayback Machine. av ukjend diktar (Skaldic Project)
  7. Torgeirsdråpa Arkivert 2015-10-17 ved Wayback Machine. av Tormod Kolbrunarskald (Skaldic Project)
  8. Lausaviser Arkivert 2015-09-21 ved Wayback Machine. av Tormod Kolbrunarskald (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]