Tormod Lislerud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tormod Lislerud
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. juni 1940
Rakkestad
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Tormod Lislerud (fødd 25. juni 1940) er ein tidlegare norsk friidrettsutøvar frå Degernes som vann ni norske meisterskap i diskoskasting i tida 1965-74. I 1971 sette han norsk rekord med 59,98 meter. Han var medlem av SK Freidig og seinare Ski Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tolv sesongar, 1963-74, tok Lislerud tolv medaljar i diskokasting. Han enda opp med ni gullmedaljar, ein sølvmedalje og to bronsemedaljar.

I 1968 flytta han den personlege rekorden til 55,36 m, hans fyrste kast over 55 m. Under eit stemne i Malmö sommaren 1970 kasta han fire gongar over den norske rekorden til Harald Lorentzen på 56,78 m, med høvesvis 56,94 - 57,18 – 57,42 og 56,96 m. Det vart likevel ikkje norsk rekord på Lislerud, ettersom Iver Hole i same stemnet til slutt slo til med heile 59,54 m. Seinare i 1970 forbetra Lislerud den personlege rekorden til 58,02 m.

Den 4. september 1971 sette Lislerud sin einaste norske rekord då han oppnådde 59,98 m heime på Ski. Denne rekorden vart ståande til Knut Hjeltnes i 1975 vart fyrste nordmann med eit diskoskast over 60 m. Då hadde Lislerud lagt opp.

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1963: Bronsemedalje i diskokasting – 48,67 m
  • 1964: Sølvmedalje i diskokasting – 49,06 m, bakom Stein Haugen (54,05 m)
  • 1965: Gullmedalje i diskoskasting – 52,72 m, framom Ragnar Skautvedt (51,90 m)
  • 1966: Gullmedalje i diskoskasting – 51,04 m, framom Stein Haugen (51,00 m)
  • 1967: Bronsemedalje i diskokasting – 50,08 m
  • 1968: Gullmedalje i diskoskasting – 51,68 m, framom Stein Haugen (50,54 m)
  • 1969: Gullmedalje i diskoskasting – 52,28 m, framom Harald Lorentzen (51,22 m)
  • 1970: Gullmedalje i diskoskasting – 53,56 m, framom Harald Lorentzen (52,62 m)
  • 1971: Gullmedalje i diskoskasting – 56,36 m, framom Harald Lorentzen (52,56 m)
  • 1972: Gullmedalje i diskoskasting – 57,02 m, framom Iver Hole (55,52 m)
  • 1973: Gullmedalje i diskoskasting – 58,40 m, framom Iver Hole (54,78 m)
  • 1974: Gullmedalje i diskoskasting – 56,18 m, framom Knut Hjeltnes (55,70 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971
  • friidrett.no