Tornbergssjön

Koordinatar: 59°8′4″N 18°1′22″E / 59.13444°N 18.02278°E / 59.13444; 18.02278
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tornbergssjön
innsjø
Land  Sverige
Høgd over havet 90 moh.
Kart
Tornbergssjön
59°08′04″N 18°01′27″E / 59.134583333333°N 18.024027777778°E / 59.134583333333; 18.024027777778
Wikimedia Commons: Tornbergssjön

Tornbergssjön er ein liten innsjø i den delen av Hanveden som ligg i Haninge kommunSödertörn, sør for Stockholm, og innanfor det svenske landskapet Södermanland.

Innsjøen ligg i Natura 2000-området Hanveden som omfattar, utanom Tornbergssjön og myra Odonrumpan vest for innsjøen, òg innsjøane Svartsjön, Trehörningen og Långsjön, og dessutan myra Storflagen, som ligg lengre aust. Natura 2000-området Hanveden utgjer berre ein liten del av det relativt store skogområdet Hanveden, som ligg i kommunane Haninge og Huddinge.

På sørsida av Tornbergssjön, som for det meste er omgjeve av mose, ligg det ein klippe som er eigna som rasteplass. Sörmlandsleden passarar der, og fører vidare opp til Tornberget, som er det høgaste punktet i Södertörn og heile Stockholms län, med 111 meter over havet, ca. 300 meter nordaust for Tornbersgssjön. Ved toppen av Tornberget passerer òg Tornbergsslingan, som er ei turløype i Paradisets naturreservat.

Vil ein nå Tornbergssjön, kan ein gjere det frå torpet Paradiset, der det er parkering; derfrå er det ca. to og ein halv time gange langs Nynäshamns-greina Sörmlandsleden til toppen av Tornberget, og nokre hundre meter til langs same løype, fram til innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

59°8′4″N 18°1′22″E / 59.13444°N 18.02278°E / 59.13444; 18.02278