Torneträsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torneträsk
innsjø
Tornetresk fra Rohkunborri.jpg
Sett frå norsk side av grensa
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Län Norrbottens län
Kommune Kiruna kommun
Tilsig Abiskojåkka
Utløp Torne älv
Lengd 70 km
Breidd 11 km
Areal 332 km²
Største djupn 168 m
Volum 17,1 km³
Koordinatar 68°22′N 019°06′EKoordinatar: 68°22′N 019°06′E
Wikimedia Commons: Torneträsk

Torneträsk eller Torne träsk, nordsamisk: Duortnosjávri, finsk: Torniojärvi, er ein innsjø nordvest i Lappland i Kiruna kommun, med eit areal på 332 km². Torneträsk er Sveriges sjuande (eller sjette, avhengig korleis ein reknar innsjøen Siljan) største sjø. Han er den nest djupaste innsjøen i Sverige og den største fjellsjøen i Skandinavia.

Torneträsk er ein sjø som er grave ur av ein isbre (glasialt utgravd). Den er over 70 km lang og er Sveriges nest djupaste sjø med største djup på 168 meter (djupast er Hornavan). Sjøen har eit vassvolum på 17 100 millionar kubikkmeter. Torne älv renn ut av sjøen. Sjøen er normalt islagd frå desember til juni, men årsvisse fluktuasjonar forekjem. Nedslagsfeltet for sjøen er 3346 km² stort og Abiskojåkka er den største elva som renn inn i Torneträsk.

Innsjøen er vanlegvis islagt frå desember til juni.

Langs størsteparten av sørbreidda av Torneträsk går E10 og Malmbanan. På vestsida av innsjøen ligg stadane og turistanlegga Abisko og Björkliden.

Nord for innsjøen er området stort sett urørt, med nasjonalparker på både norsk og svensk side av grensa. Snøscootertrafikk er lov berre på sjølve innsjøen, som òg er eit populært område for sportsfiske. Om våren, spesielt i helgene, reiser mange frå Kiruna for å drive isfiske på sjøen. Eit årleg arrangement som lokkar mange fiskarar er Lapplandsmästerskapet i isfiske, som vert arrangert ved Stenbacken.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Panoramautsikt frå fjellet Nuolja (1169 m ö.h.) over Torneträsk.