Torpe skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrkja i Hjärtum. Eit stykke nordafor ligg grenda Torp, som har gjeve namn åt skipreida.

Torpe (Torpa) skipreide var det austlegaste skipreidet i Båhuslen. Ho femna om soknene Hjärtum og Västerlanda, som i dag utgjer den del av Lilla Edets kommun som ligg vestafor Göta älv.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Torpe skipreide vart omskipa til Inlands Torpe härad.