Torpedobatteriet ved Rutledal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Torpedobatteriet ved Rutledal (offisielt heitande HKB 16./981 Risenaes) i Gulen kommune i Sogn og Fjordane vart bygd av tyske okkupasjonsstyrker under kampane i Noreg i 1940 under andre verdskrigen. Det stod ferdig allerie i mai det året. Dette var det fyrste større forsvarsverket tyskarane bygde i Sogn og Fjordane.

Batteriet var med å sperra innlaupet til Sognefjorden. Lenger inn i fjorden er det tilgang til passasjen frå Sogn til austlandet og Fillefjell og Flåmsbana, noko som var av militær tyding i tilfelle ein alliert invasjon.

Torpedobatteriet låg nede ved sjøkanten i Rutledal. Det hadde to torpedorøyr på 53 cm, og i alt åtte torpedoar. Røyra var norske, og stamma frå KNM «Skarv», ein torpedobåt av Lyn-klassa. Torpedoane kunne skytast ut med trykkluft frå ein svingbar torpedokanon med doble røyr og treffa mål i ein sektor frå Risnøyna til Rysjedalsvika. Mannskapet var på 14 mann lagt i enkle trebygningar nede ved strandkanten. Dei hadde seinare også ein infanteriavdeling til nærstøtte. Denne var plassert på Brekke, og skulle virka mot eventuelle allierte avdelingar som kunne koma til å falle kystfestningane i ryggen.

Etter krigen vart torpedobatteriet overteke av Kystartilleriet og var i bruk fram til 1954, då det vart lagt ned.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia.