Torpo stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torpo stavkyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Buskerud
Kommune Ål
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Hallingdal
Sokn Torpo
Fellesråd Ål
Periode mellomalderen
Arkitekt Torolf
Teknikk stavverk
Material tre
Innvigd ca. 1160
 - Vigd til Den heilage Margareta
 - Endringar Koret utvida, mellomalderen.
Koret rive, 1880.
Stopul riven
Kart
Torpo stavkyrkje
60°39′51″N 8°42′30″E / 60.66413889°N 8.70841667°E / 60.66413889; 8.70841667
Wikimedia Commons: Torpo stavkirke

Torpo stavkyrkje er ei mastestavkyrkjeTorpo i Ål kommune i Hallingdal i Buskerud fylke. Kyrkja har heva midtrom og er av same type som Borgund stavkyrkje i Lærdal (borgundtypen). Men i motsetnad til Borgund stavkyrkje står Torpo stavkyrkje no utan kor og utan svalgangar kring sjølve kyrkjerommet (skipet). Ei ny kyrkje i laftekonstruksjon med bordkledning, teikna av arkitekt F. von der Lippe, vart reist i 1880 rett nord for stavkyrkja.

Stavkyrkja på Torpo er den einaste stavkyrkja frå mellomalderen i Hallingdal som er teke vare på der ho vart bygd, og er den eine av dei to stavkyrkjene frå mellomalderen i dalen som er att. Den andre, Gol stavkyrkje, står no på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Ein kopi av Gol stavkyrkje er bygd på ei tomt i nærleiken av Pers HotellGol, som er langt unna tomta der Gol stavkyrkje stod.

Foto av Axel Lindahl frå ca. 1885-1890
Vestportalen
Sørportalen

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hallingdal høyrde til Stavanger bispedømme i mellomalderen, og Torpo var hovudkyrkja i eit prestegjeld med Ål og Hemsedal som anneks, og sete for prosten i øvre del av dalen. Etter reformasjonen blei Torpo anneks til Ål. På den noverande kyrkjestaden kan det ha stått ei eldre kyrkje. Då koret i stavkyrkja blei rive i 1880, blei det funne eit stykke av ein planke med treskurd i Urnesstil, som kan ha høyrd til ein portal i denne eldre kyrkja.

Stavkyrkja er truleg bygd kring 1160-talet. Tømmeret er datert til denne perioden ved årringsdatering, men truleg er kyrkja først bygd noko seinare. Ho er den eldste bygningen i heile Hallingdal. Den eldste skriftlege kjelda som nemner kyrkja, er eit diplom frå 1310, besegla av «sira Biarnar a Thorpom». Delar av kyrkjekonstruksjonen kan vera 50–100 år eldre enn resten av kyrkja. Dette kan indikera at det har stått ein bygning der før, kanskje ei eldre kyrkje med jordgravne stolpar, ei såkalla stolpekyrkje.

Ved det store kyrkjesalet i 1723 kom stavkyrkja i privat eige, men ho blei kjøpt av kommunen i 1875. Det var først planen å utvida ho med eit tilbygg mot aust, men i 1879 blei det i staden vedteke å modernisera ho innvendig med m.a. ny himling og nytt galleri. Fortidsminneforeningen protesterte mot slik vandalisering, og kommunen vedtok då å byggja ei heilt ny kyrkje. Mens ho var under bygging sommaren 1880, blei koret i stavkyrkja rive. Same hausten fekk Foreninga kjøpa skipet for 280 kroner mot å halda det ved like på staden.

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Av den opphavlege stavkyrkja er berre skipet bevart, etter at koret med apsis blei rive i 1880. Langt tidlegare forsvann svalgangane som omgav skip og kor.

Indre stolpereisning

Torpo stavkyrkje har indre stolpereisning rundt eit heva midtrom, omgitt av ein omgang med lågare tak. Midtrommet er omgitt av 14 stavar som står på ei ramme av grunnstokkar. Konstruktivt har ho mange trekk til felles med den rivne stavkyrkja i Ål og med kyrkjene i Sogn, og ho blir gjerne rekna med i Borgund-gruppa. I Torpo kyrkje dannar stavane rundt midtrommet tette kolonnadar rundt alle fire sidene, ingen av dei er utveksla, slik det blei gjort i mange kyrkjer av same typen. Nedre del er frittståande. Omtrent ved halve høgda er stavane utstyrte med romanske terningkapitel. Dei dannar vederlag for parstilte bogekne, som saman framstår som rundbogar, ca. 1 m høge. Over denne illuderte arkaden blir stavane haldne saman av ei tang; to bjelkar forbundne med trenaglar. Over tengene er utskorne andreaskrossar innfelte mellom stavane, og over desse kjem ei ny bogerekkje under svillestykka som ber ytterveggane i midtrommet. Øvst blir stavane avslutta av stavlægjet som ber taket i midtrommet. Det har fem sperrebind med same utforming som i andre kyrkjer av borgundtypen.

Spor i austveggen i skipet viser at kyrkja opphavleg hadde eit smalare kor enn det som blei rive i 1880, ca. 4,6 meter breitt. Allereie i mellomalderen blei det smale koret rive og erstatta av eitt i same breidd som skipet, med nær kvadratisk grunnplan, avslutta med ein noko smalare apside.

Rundt heile kyrkja har det opphavleg gått svalgangar, også etter at koret blei utvida. Dei hadde truleg dvergarkadar (som i Borgund stavkyrkje), men blei rivne tidleg på 1800-talet.

Eksteriør[endre | endre wikiteksten]

Taka var opphavleg tekte med spon, men fekk skifertekking tidleg på 1800-talet. Ytterveggane (omgangsveggane) har ståande plankar eller tiler med not og fjør, sette inn i rammer av sviller, hjørnestavar og stavlægje. Midtrommet sine veggar over omgangstaka har også ståande tiler mellom stavane, og i kvart felt er det små runde gluggar, dei einaste opphavlege lysopningane, bortsett frå dørene. Vindauge fekk kyrkja etter reformasjonen; dei eldste blei truleg sett inn over omgangstaket.

Den kvadratiske takryttaren har hjelm med valmtak og øvst eit åttekanta spir.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Interiørdetaljar

Då Fortidsminneforeningen overtok kyrkja, blei alt inventar frå tida etter reformasjonen fjerna. Berre dei mellomalderske benkene langs omgangens ytterveggar er bevarte.

I austveggen står framleis den stengde opninga til det rivne koret, overdekka med ein boge i heile skipet si breidd. I hjørnestavane er det innhogg som må vera restar av sidealter frå tida før koret blei utvida.

Golvet har breie, telgja plankar som ligg på falsar i grunnstokkane. I golvet i midtrommet er det skåre inn omrisset av eit menneske i full storleik med fotenden mot austre grunnstokk og hovudet vend mot vest. Ein trur det er markering av ei grav, og ein ikkje stadfesta teori er at ein stavangerbiskop skal ha blitt gravlagd her.

Baldakin[endre | endre wikiteksten]

Den heilage Margaretas martyrium. Maleri i limfarge på baldakinen i Torpo stavkyrkje. Etter hard tortur av di ho ikkje vil gifte seg med landshøvdingen Olybrius vert Margareta halshoggen. Frå SNL: Marit Vassause.
Foto: Kjartan Hauglid

I austre delen av skipet blei det mot slutten av 1200-talet bygd eit lektorium med golv som kvilte på bjelkar spende mellom dei tre austre stavane og rekkverk mot den opne delen av skipet. Over lektoriet blei det bygd ein baldakin i form av ein rundboga tønnekvelv av tre i skipet si fulle breidd. På kvelven og endeveggen mot aust finst det godt bevart måla dekor frå mellomalderen, utført i limfargar. Mot endeveggens bakgrunn av diagonale band med blomedekor i mellomromma står to figurgrupper. På venstre side Ecclesia (kyrkja) med krossfane og kalk, deretter Maria nærast midten, på høgre side av midten følgjer Johannes og ytst Synagoge. Over begge gruppene svevar englar med røykjelseskar.

Kvelven har eit rikt biletprogram med den tronande Kristus i midten og dei fire evangelistsymbola ikring, og flankert av friser med dei tolv apostlane på båe sidene. Nedst følgjer friser i to høgder med scener frå martyriet til den heilage Margareta frå Antiokia. Margareta frå Antiokia, som ifølgje legenda døydde i 305, skal ha vore rekna som ein av dei fjorten naudhjelparane. Den forsmådde, heidne friaren Olybrius, ein prefekt i teneste hjå keisar Diokletian, pinte og freista avrette ho fleire gongar, men mislukkast. Margareta blei redda ved eit mirakel kvar gong. Til slutt blei ho likevel halshoggen, og Olybrius sjølv blei teken av djevelen.

Runeinnskrifter[endre | endre wikiteksten]

På ei brystning som tidlegare har sete over den rivne korskiljeveggen, står følgjande runeinnskrift: «Torolf gjorde denne kyrkkja – Åsgrim, Håkon, Erling, Pål, Eindride, Sjaunde, Torolf – Tore rista – Olav». Torolf må ha vore byggmeisteren og dei andre sveinane hans. Denne Torolf var truleg også meisteren for den rivne Ål stavkyrkje, der ei liknande innskrift fanst: «Torolf gjorde denne kyrkja. Geirstein var medarbeidar og Gunnar, Vidar, Eyvind, Eirik, Gunnar. No har eg rist alle namna – Alv var òg med». Torolf er ein av de få namngjevne stavkyrkjebyggarane me kjenner. Han var openbert ein ekspert som kanskje reiste rundt og tok oppdrag, og som fekk hjelp av lokale tømrarar. Ingen namn utom hans er felles for begge kyrkjene.

På ein av stavane på sørsida av midtrommet er rissa inn: «Tormod S..sson på Torpo gjorde meg». Det finst også andre mindre inskripsjonar fleire stader i kyrkja.

Kyrkjegard og omgivnader[endre | endre wikiteksten]

Før stod det også ein lafta stopul (eit lite, frittståande klokketårn) nord for kyrkja. Denne synest på ei blyantteikning frå 1855 av arkitekt Georg Andreas Bull. Han blei riven i 1880 då den nye kyrkja blei oppført. Det finst truleg restar av grunnmuren under golvet i den nye kyrkja.

I nordvestre hjørne av tunet til nabogarden, tidlegare ein prestegard som heitte Torpo, låg Kyrkjestugu, ein gammal tømmerbygning som blei brukt til opphaldsrom for kyrkjefolket. Ho blei selt i 1880 og flytta til ein plass i Torpo, men blei i slutten av 1970-åra kjøpt av Fortidsminneforeningen, flytta og gjenreist nordvest for stavkyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 15. august 2010.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dietrichson, Lorentz: De norske Stavkirker, Kristiania og Kjøbenhavn 1892 s. 276-280.
  • Bugge Gunnar, Mezzanotte Bernadino, Stavkirker, Oslo 1994. ISBN 82-504-2072-1
  • Christie, Håkon: Da Fortidsminnesmerkeforeningen reddet stavkirkene, i Fortidsminneforeningens Årbok 1978.
  • Christie, Sigrid og Håkon: Torpo kirke, i Norges kirker – Buskerud, Oslo 1981 bind 1, s. 116-145. ISBN 82-05-13123-6
  • Weisser-Svendsen, Eva Andreassen; Middelaldermaleriet i Torpo stavkirke [daud lenkje], Hovudoppgåve i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo, 2007

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]