Hopp til innhald

Torpoint

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torpoint
Penntorr
by
Land  England
Region Cornwall
Folketal 7 717 (2011)[1]
Grunnlagd 1774
Postnummer PL11
Retningsnummer 01752
Kart
Torpoint
50°22′34″N 4°12′18″W / 50.376°N 4.205°W / 50.376; -4.205
Wikimedia Commons: Torpoint

Torpoint (kornisk Penntorr[2]) er ein by i Cornwall i England. Han ligg på Rame-halvøya, på den andre sida av estuaret Hamoaze i tilhøve til Plymouth.[3]

Torpoint krigsminnesmerke.
Foto: Tony Atkin

Torpoint tyder eigentleg ‘steinete nes’.[4] Staden har også hatt kallenamnet Tar Point (‘Tjøreodden’) fordi ein dreiv med tjøring av skip der. Det vart bygd ei primitiv form for tørrdokk, der skip vart segla inn ved høgvatn slik at dei la seg over på sida og kunne tjørast ved lågvatn.

Sjølve byen vart grunnlagd av sir Richard Carew-Pole på 1700-talet. Han voks som ei følgje av at arbeidarar ved verftet i Devonport busette seg der, og folketalet auka endå meir då Royal Navy opna treningsbasen HMS Raleigh på vestsida av byen.

Torpoint er forbunden med Plymouth og Devonpoint med tre ferjer. Dei trekkjer seg sjølv over ved hjelp av lenkjer. Lenkjene blir søkkt under overflata mellom turar, slik at annan skipstrafikk kjem gjennom sundet.

  1. «Key Statistics»; utgjevar: Office for National Statistics; avsnitt, vers eller paragraf: Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition); vitjingsdato: 23. juni 2025.
  2. «List of Place-names agreed by the MAGA Signage Panel» (PDF). Cornish Language Partnership. Mai 2014. Arkivert frå originalen (PDF) 29. juli 2014. Henta 11. januar 2015.
  3. Ordnance Survey: Landranger map sheet 201 Plymouth & Launceston ISBN 978-0-319-23146-3
  4. Mills, A. D. (1996). The Popular Dictionary of English Place-names. Parragon Book Service Ltd and Magpie Books. s. 332. ISBN 0-7525-1851-8.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Torpoint