Hopp til innhald

Torrelavega

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torrelavega
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Spania
Region Cantabria
Høgd 25 m
Areal 35,54 km²
Folketal 51 466 (2024)
Grunnlagd 1200-talet
Postnummer 39300
Kart
Torrelavega
43°21′02″N 4°02′57″W / 43.350555555556°N 4.0491666666667°W / 43.350555555556; -4.0491666666667
Wikimedia Commons: Torrelavega

Torrelavega er ein kommune og ein viktig industri- og handelsby i den autonome regionen Cantabria nord i Spania.

Han ligg om lag 8 km frå den kantabriske kysten og 27,5 km frå hovudstaden Santander, halvvegs mellom Fyrstedømet Asturias og Baskarland. Elvane Saja og Besaya renn gjennom byen.

Det høgaste punktet i kommunen er 606 meter over havet og det lågaste 12 meter over havet.

Torrelavega vart grunnlagd mot slutten av 1200-talet av Garci Lasso I de la Vega (den eldre), Adelantado Mayor i Kongedømet Castilla under kong Alfonso XI av Castilla.

Det noverande namnet er ei samandraging av det opphavlege eponymet «Torre de la Vega». Borga eller tårnet Vega vart bygd av Leonor de la Vega, dotter til Garci Lasso II de la Vega, den yngre og mor til Íñigo López de Mendoza, marqués de Santillana for å administrerte skattane på området til familien.

Iglesia de Nuestra Señora de la Asunción, oppretta mellom 1892 og 1901.

Torrelavega var ein viktig jordbruksstad i Kongedømet Castilla frå mellomalderen av. Stadig vekst gjorde at Torrelavega fekk bystatus i 1895.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Torrelavega