Torsdagsøyo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torsdagsøyo
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 22

Torsdagsøyo er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho ligg på vestsida av Nyleio, mellom Siglo og Longøyo i aust, Tranøyo i sør, Trodlosen i vest og Eggøyo i nord.

Garden[endre | endre wikiteksten]

Garden på øya var opphavleg husmannsplass under Fitjargarden og vart skyldsett som eigen gard i matrikkelen i 1723. Garden har gjeve opphav til etternamnet Torsdagsøy.

Det høyrte til to plass under garden. Det eine var Sandvik, ei vik på øya, og det andre var øya Flatøy, som lik like ved.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet på øya har vorte tolka såleis at første delen er vekenamnet torsdag, og det er i så fall eit uvanleg namn, sidan vekedagsnamn ikkje er vanleg i bruk som stadnamn i området. Det var gode torvmyrer på øya, og folk inne på landet har teke torv som vart sette opp i såter eller torvstakkar. Folk som reiste leia nord og sør har sett torvstakkane og gjeve øya namn etter det.

Namnet har stort sett vorte skrive Torsdagsøy, Thorsdagsøy og nokre gonger Toesdagsøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.