Torshov skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torshov skole
Grunnlagd1878
Nedlagd1992
KommuneOslo kommune, Sagene bydel

Torshov skole var ein statleg spesialskule for elevar med lærevanskar. Skulen vart etablert av Johan Anton Lippestad i 1878, fyrst omtalt med namnet Anstalten for aandelig abnorme Piger og etter få år som Institutt for aandelig abnorme piger Thorshaug. På folkemunne var skulen lenge kjend som Lipper'n. Året før hadde Hansen og Johan Anton Lippestad skipa Skolen for åndssvage børn, men den vart alt i 1878 delt i ein gute- og ein jenteskule. Skulen hadde statstilskot frå byrjinga, og staten tok over skulen frå 1. juli 1889, frå 1892 under namnet Torshaug offentlige aandssvageskole. I 1908 vart skulen både for gutar og jenter.

Namnet var Torshov offentlige skole for åndssvake 1925-1951, Torshov offentlige skole for evneveike frå 1951 og berre Torshov skole frå 1976. Skulen vart lagt ned i 1992, men delar av verksemda er ført vidare ved Torshov kompetansesenter.

Johan Anton Lippestad var ein pionér innanfor undervisninga av born med lærevanskar og vart i 1904 den fyrste direktøren for det statlege abnormskulevesenet.[1] Lippestad tilsette etter kvart alle syskena sine ved skulen. Den mest kjende er Emma Hjorth som arbeidde ved skulen 1879-1903. Miljøet ved skulen stod sterkt i nordiske fagkrinsar.[2] Sentralt for Lippestad og Hjorth var at det offentlege ikkje berre måtte ta ansvar for dei «dannelsesdyktige», men òg for dei «ikke-dannelsesdyktige» borna.

Styrarar:

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]