Torskefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°20′41.924″N 16°57′6.8544″E Torskefjorden er ein fjordarm av Andfjorden i Torsken kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 13 km austover til Gryllefjordbotnen i botn av Gryllefjorden, ein av fjordarmane.

Fjorden har innløp mellom Indre Månesodden i nord og Skjøttevika i sør. Fjorden er om lag 5 km brei i den ytre delen, men ved Torskeøya, som ligg midt i fjorden deler fjorden seg i fleire smalare fjordarmar. Gryllefjorden går nordover og så austover forbi Gryllefjord og er den lengste fjordarmen. Aust for Torskøya går Torskefjorden vidare innover til tettstaden Torsken, der han deler seg i Skipsfjorden i nord og Osterfjorden i sør.

Det går ferjesamband ut fjorden frå Gryllefjord til AndenesAndøya.