Torsken kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torsken kyrkje
kyrkje
Foto: Bjørn Christian Tørrissen
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Senja
Sokn Torsken
Fellesråd Torsken
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1784
 - Endringar Ombygd 1866, restaurert 1967
Takryttar På mønet i sørvest
Kor Rett avslutta
Kyrkjegard Nei
Sitjeplassar 100
Kart
Torsken kyrkje
69°20′14″N 17°05′51″E / 69.3373°N 17.0975°E / 69.3373; 17.0975
Wikimedia Commons: Torsken kirke

Torsken kyrkje er ei krosskyrkje frå 1784 i Senja kommuneSenja. Kyrkja er i tømmer og har 100 sitjeplassar. I kyrkja finn ein fleire gamle klenodium, mellom anna eit krusifiks som truleg er laga i Lübeck i 1550-åra, og ein av Noregs eldste messehaklar.

Det har truleg stått kyrkje på Torsken sidan første halvdel av 1400-talet, men det er sikre bevis for kyrkje der frå 1589. Utover 1600- og 1700-talet var det tunge økonomiske tider for fiskarane i området, og vedlikehaldet av kyrkja lei som fylgje av dette. I 1770-åra vart det difor vedteke å byggje ei ny kyrkje. Mellom 1781 og 1784 tok ein difor ned den gamle kyrkja og sette henne opp att eit stykke unna. I prosessen vart øydelagde delar bytta ut.

I 1866 vart kyrkja bygd om. Dei gamle, lukka kyrkjebenkane vart bytta ut, og to votivskip og ein døypefont vart selde. Truleg vart kyrkja samstundes måla både innvendig og utvendig. Dette vart forsøkt reversert i 1967, då ein måla kyrkja raud utvendig og henta fram tømmerveggane på innsida. Det vart òg sette opp lukka benkar inne i kyrkja.[1]

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Messehaklar[endre | endre wikiteksten]

I Torsken kyrkje finn ein ein av dei eldste messehaklane som er bevart i Noreg. Messehakelen er truleg frå rundt 1500 og stammar frå Braunschweig i Tyskland. Han er laga av grønt brokadestoff med fôr av strie. Motivet er klårt førreformatorisk, då det syner den kjende helgengruppa Anna sjølv tredje, altså Jesus, Jomfru Maria og Anna, mora til Maria. Denne gruppa står ved foten av krossen der Jesus heng. Messehakelen er i dårleg stand.

I tillegg har kyrkja ein messehakel i rød plysj som vart gjeven til kyrkja av sokneprest Urdahl i 1762.[2][3]

Madonnafigur[endre | endre wikiteksten]

Madonnafiguren i kyrkja er ikkje opphaveleg men ein kopi som vart laga P.C. Omtvedt i 1977 etter ein original frå tidleg 1400-tal. Originalen var per 1984 i Oldsaksamlinga ved Universitetet i Oslo og er laga av eik. Madonnafiguren syner Maria med Jesus, der Jesus held ei bok på fanget. Ved føtene til Maria sitt Josef, og ein ser òg ein okse og eit esel.[4]

Krusifiks[endre | endre wikiteksten]

På altaret er eit krusifiks frå 1500-talet. Krusifikset er mest truleg lagd i Lübeck. Krusifikset vart funne på kyrkjeloftet av biskop Eivind Berggrav då han var på bispevisitas i 1930-åra. Kor lenge det hadde lege der, er uklårt, men det stod ikkje oppført i ei inventarliste frå 1870. Krusifikset har plass for ein relikvie, og det vart òg funne ein relikvie på krusifikset. Dette var ein beinsplint som låg i ein blå tøypose. Då krusifikset vart funne, mangla det ein arm, men det har seinare vorte restaurert og står no over altaret i kyrkja.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Even Borch (1984). Torsken kirke 200 år 1784–1984. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Borch (1984), s. 4.
  2. Berg kommune: Torsken kirke Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.. Vitja 12. september 2019.
  3. Borch (1984), s. 5.
  4. Borch (1984), s. 7.
  5. Borch (1984), s. 8.