Torstad kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 64°53′41″N 11°21′45″E

Torstad kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Namdal
Sokn Nærøy
Fellesråd Nærøy
Type langkyrkje
Arkitekt Arne Sørvig
Innvigd 1936
 - Endringar 1976
Kyrkjegard ved kyrkja
Sitjeplassar 120

Torstad kyrkje, tidlegare Torstad kapell, er ei langkyrkje frå 1936 i Nærøy kommune i Trøndelag fylke. Kyrkja ligg i bygda Torstad, på nordvestsida av halvøya Kvingla. Frå starten huste bygningen både skule og kapell, men i 1976 vart han ombygd til berre kapell.

Torstad kyrkje is located in Nord-Trøndelag
Plasseringa til Torstad kyrkje

Bygget er i tre og har sitjeplassar til 120 personar.

Kyrkja ligg i Nærøy kyrkjesokn i Namdal prosti, ho låg i Nærøy prosti fram til 1. juli 2015 da det vart lagt ned og slått saman med Namdal.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Torstad kapell», s. 207
  1. «Nærøy og Namdal blir ett prosti». Nidaros bispedømme. 25. mars 2015. Henta 5. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]