Torstein Dahle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torstein Dahle

Fødd20. februar 1947 (77 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiRaudt, Raud Valallianse
Yrkesamfunnsøkonom, politikar
Utdanna vedNorges handelshøyskole
Oslo katedralskole
VervLeiar i Raudt 2007–2010
EtterfylgjarTurid Thomassen
Alle verv

Torstein Dahle (fødd 20. februar 1947) i Oslo) er ein norsk politikar som var leiar for Raudt frå partiet blei skipa i 2007 til 2010.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå 2003 til 2007 var han leiar for Raud Valallianse, som han vart medlem av ved skipinga i 1973. Han var tidlegare også medlem av AKP. Han er utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole og arbeider på Høgskulen i Bergen som høgskulelektor. Han har tidlegare arbeidd ved Skatteetatskolen og vore timelærar ved BI og Norges Handeshøyskole. Han har også vore engasjert som utgreiar og forfattar av fleire rapportar for forskingsstiftinga De Facto.

Sidan 1987 har Dahle sete i bystyret i Bergen, der han er vorten ein populær politikar. Han har i mange år vore den fremste talsmannen for partiet i Bergen. Ved fylkestingsvalet i 2003 vart han vald inn i Fylkestinget i Hordaland, etter at veljarane hadde flytta han opp frå den nedste plassen på lista. På grunn av det store talet på kumuleringar og slengjarar han fekk ved kommunevalet i Bergen i 2007, rykte han opp frå fjerde til fyrste plass i bystyret etter valoppgjeret.

I 2001 melde Dahle pastor Enevald Flåten til politiet for brot på rasismeparagrafen (§135a i straffelova), etter at Flåten uttalte at griser veit betre enn homofile. Saka vart lagd bort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Torstein Dahle