Torstein Grythe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torstein Grythe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. november 1918
Død

1. mai 2009 (90 år)

Yrke dirigent
Torstein Grythe på Commons

Torstein Grythe (24. november 19181. mai 2009) var ein norsk musikar og dirigent. Han er best kjend for å ha oppretta gutekoret Sølvguttene, som han òg dirigerte fram til 2004.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Torstein Grythe var fødd i Oslo, då kalla Kristiania, i 1918. Som niåring byrja han å læra å spela fiolinMusikkonservatoriet i Oslo. I 1928 vart han medlem i Olavsguttene, ein gutekor som nettopp hadde vorte oppretta. I 1930 byrja han i Oslo Domkor, der han etter kvart vart visedirigent.

I 1937 vart Grythe med i Leif Rustad sitt orkester i NRK, der han spelte bratsj. Oppmoda av Rustad stifta han eit nytt gutekor, Sølvguttene, i 1940, då Noreg var under tyske okkupasjon. I 1951 fekk han stilling som dirigent for NRKs guttekor, som i 1967 vart slått saman med Sølvguttene. Grythe valde ut eit repertoar for koret som omfatta gamal og samtidig kyrkjemusikk, folkesongar, madrigalar og vanleg kormusikk. Han hadde eiga opplæring for unge koraspirantar. Han dreiv òg med fleire fellesaktivitar for kormedlemar, mellom anna ein sommarleir for gutane og båtturar med skøyta si. Arbeidet hans fekk Sølvguttene opp på eit internasjonalt nivå, med konsertar i fleire land rundt Europa og vidare. Han fortsette å driva koret heilt fram til 2004 då, 86 år gamal, han overlet koret til den nye dirigenten Fredrik Ottestad. Ifølgje Guiness rekordbok hadde han i 2004 den lengste karrieren som dirigent i heile verda.

I tillegg til Sølvguttene dirigerte Grythe også Mannskoret i BUL (1952), jentekoret Rødhettene (1953–63), Fosskoret (1956–72) og Den Norske Studentersangforening (1973–76). Han har også hatt stilling som musikklærer ved Foss gymnas frå 1955 til 1972 og som lektor i musikk ved Oslo lærerhøgskole frå 1972 til 1987. I 2009 gav han ut ei bok under tittelen Sølvguttene - De første årene som var skriven saman med Morten Wessel Krogstad.

Han døydde 1. mai 2009 i Oslo, 90 år gamal.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Grythe fekk fleire prisar og utmerkingar for arbeidet han hadde gjort med Sølvguttene:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Torstein Grythe