Torstein Guttormsson Fretheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torstein Guttormsson Fretheim
Fødd25. januar 1808
Død30. mai 1874
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar

Torstein Guttormsson Fretheim (25. januar 180830. mai 1874) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Aurland i Sogn. Han var farfar til Thorstein Fretheim den yngre.

Far hans var gardbrukar på Fretheim, men døydde då sonen Torstein var barn. Sonen vart då oppfostra hos besteforeldra. I vaksen alder tok hans så over farsgarden og dreiv den til han skøytte garden over til son sin. Han var ordførar i Aurland i om lag 30 år og i mange år medlem av forlikskommisjonen.

Fretheim representerte Nordre BergenhusStortinget i 1842, 1848, 1862-64 og 1871-73. Han var medlem av militærkomiteen 1842, 1848, 1862-63 og på omframstortinget av komiteen om avløninga av hæren. I perioden 1871-73 var han medlem av budsjettkomiteen, medan han var medlem av Lagtinget 1862-64 og 1871-73.

Han døydde på garden sin i Aurland i 1874.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914