Hopp til innhald

Torstein Knutsson Røyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Torstein Knutsson Røyne d.y. (17651830) var ein norsk spelemann frå Valdres. Han er ein av dei eldste spelemennene ein kjenner frå Valdres, og ein viktig opphavsperson i valdresspelet.[1]

Torstein Knutsson Røyne d. y. var tredje barnet til Knut Torsteinsson Røyne og Ingrid Torsteinsdtr. Hegge.

Ein gong var Torstein i Sør-Aurdal på sylvsmedarbeid. Då budde han på garden Langedrag. Mannen her åtte ei gamal trondefele, arbeid av Trond Isaksson Flatabø. Denne fela syntest Røynin var uvanleg god. Då han var ferdig med sylvsmedarbeidet, spør han mannen:

«Ko vil du ha før fela di, om du vil selja ho?» «Ja, skulde e selja, laut e ha 24 dalar,» svara mannen. Røynin tok opp 24 dalar og gav han. Så var det tilstått, det. Men mannen anka rade på at han hadde selt fela.

Då Røynin var død, vart fela seld og kom på handel. Til slutt kom ho til Amerika, der ho vart vølt av Jøger Quale.

J. O. Quale, St. Paul, Minn, skreiv i brev 11/12 1958:

«Jeg har fela efter Røyna. Det er en Trondefele, arbeidet av Trond Isaksen Flatebø og er noget eldre enn Garlistuten.» Han fekk ho såleis: Som alt skrive, hadde Nils Belgum teke Teigstol-fele, og som òg heitte Røynis-fela, med seg til Amerika i 1870. Ein dag i 1925 tok Quale med seg sonen sin og fór dit Nils hadde butt. Han fann fram til to eldre mannfolk av ætti til Nils. Dei hadde fela, og Quale fekk kjøpt ho og sette ho i stand. I fela står: Trond Isaksen Flatabø 1756.10

Om Torstein K. Røyne skreiv J O. Quale i brev 18/8 -64 dette:

I Slidre og V. hadde Røynin eit stort ord som folk i desse bygdene omtala Røynin mest som ein gud i felespel, fullt på høgd med Jørn Hilme. Røynin hadde eit ferespel, som skulle vera svært vrangt å spela.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Profilar», www.folkedans.com, henta 11. november 2021 
  • Valdres Bygdebok nr. 6.