Torstein Moland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torstein Moland
Torstein Moland på Sentralbanksjefens årstale 2018 (191104).jpg
Fødd 4. november 1945
Vegårshei
Yrke samfunnsøkonom, politikar, forretningsdrivande

Torstein Moland (fødd 4. november 1945 i Vegårshei) er ein norsk sosialøkonom, tidlegare sentralbanksjef og tidlegare politikar frå Arbeidarpartiet.

Torstein Moland var statssekretær ved statsministerens kontor 1986-1989 i Regjeringa Brundtland II.

Han var deretter konserndirektør i Norske Skog 1990-1993.

Torstein Moland var i ei kort periode sentralbanksjef i Noregs Bank i 1994-1995, men måtte gå av på grunn av ei skattesak knytt til personlege investeringar i eit kommandittselskap, den såkalla Airbus-saka.

Moland blei deretter tilsett som seniorrådgjevar og konserndirektør for finans i Telenor.

Moland er også leiar i Norges Jeger- og Fiskerforbund.