Torsten Voss
Torsten Voss | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 24. mars 1963 (62 år) Güstrow |
Idrett | bobsleigh, friidrett |
Tok del i | Vinter-OL 1998, Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i sølv, Sportsman of the year |
Torsten Voss (fødd 23. mai 1963) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar og bobkøyrar frå Güstrow i Mecklenburg-Frampommern. Han vart verdsmeister i tikamp i 1987 og tok OL-sølv i same øvinga i 1988. I bobsleigh vart han europameister i firarbob 1998 og 2001 og han vann tre VM-medaljar i øvinga perioden 1995-97. Voss tevla for Aust-Tyskland i friidrett og for det samla Tyskland i bobsleigh.
Friidrett
[endre | endre wikiteksten]Voss tok sølv i tikamp i junior-VM 1981. Året etter sette han med 8 387 poeng ny juniorverdsrekord, ein rekord som stod i i 34 år. I 1985 vann han europacupen i tikamp i Krefeld. Etter å ha vorte nummer fire i friidretts-EM 1986, langt unna tettaste medaljestriden, presterte han under verdsmeisterskapen 1987 i Roma sitt livs beste tikamp, med 8 680 poeng slo han nestemann, vesttyskaren Siegfried Wentz med over 200 poeng. I Sommar-OL 1988 tok Voss sølvmedaljen etter å ha oppnådd 8 399 poeng, landsmannen Christian Schenk vann med ein margin på 89 poeng.
Voss var austtysk meister i tikamp 1982, 1983, 1987 og 1990.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1982 i Aten: Braut etter seks øvingar
- VM 1983 i Helsinki: Nr 7 – 8 167 poeng
- EM 1986 i Stuttgart: Nr 4 – 8 450 poeng
- VM 1987 i Roma: Gullmedalje – 8 680 poeng, framom Siegfried Wentz (8 461)
- OL 1988 i Seoul: Sølvmedalje – 8 399 poeng, bakom Christian Schenk (8 480)
Bobslede
[endre | endre wikiteksten]Frå 1994 tevla Voss i bobsleigh. Både i 1995 og 1996 var han med å vinne VM-bronse i firarbob, høvesvis i Winterberg og i Calgary. I 1996 vann han EM-sølv i øvinga i St. Moritz. Vinteren 1997 tok han og lagkameratane Dirk Wiese, Christoph Bartsch og Michael Liekmeier sølvmedaljen i firarbob ved VM i St. Moritz og på bronsen i EM i Königssee. I 1998 vart Voss og lagkameratane Harald Czudaj, Steffen Görmer og Alexander Szelig europameistrar, medan laget hans enda på åttandeplassen under Vinter-OL i Nagano. Der etter vann Voss i firarbob bronse i EM 1999 i St. Moritz, gull i EM 2001 i Königssee saman med Matthias Benesch, Udo Lehmann og Alexander Szelig. Voss la opp etter han og laget tok bronsen i EM 2002 i Cortina d'Ampezzo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Torsten Voss» frå Wikipedia på tysk, den 14. juni 2018.
- «Torsten Voss» (på engelsk). Olympedia. Henta 18. mars 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1963
- Tyske mangekjemparar
- Tyske bobkøyrarar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Deltakarar i både vinter-OL og sommar-OL
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1988
- Austtyske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Tyske deltakarar under vinter-OL 1998
- Bobkøyrarar under vinter-OL 1998