Torsvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°14′30″N 019°30′15″E

Torsvåg fyr ligg på toppen av Kåja. Det største huset på biletet er Figenschow-garden, og huset lengst til venstre er Solberg-garden. Bak Kåja kan ein sjå Nord-Kvaløy.
Torsvåg ligg på Vanna, ei øy i Troms.
Sandfjord med Torsvågnæringa. Sandfjorden ligg rett nord for Torsvåg. Ved fjære sjø er fjorden tørr, bortsett frå elva som renn frå fjordbotnen. Omtrent midt i biletet ser ein «Russeura», der det vart funne ein gravplass, truleg frå 1100-talet.
Torsvåg fyr er det siste bemanna fyret i Noreg (2007).
Foto: Morten Dreier
Torsvågbruket er et av dei fire fiskebruka i Vanna. Framleis har mange fiskebåtar heimehamn her.

Torsvåg er ei bygd som ligg lengst nordvest på øya Vanna i Karlsøy kommune, om lag 9 mil nord for Tromsø. Fiskeværet Torsvåg har eksistert i mange hundre år, og før i tida var dette ein viktig kyrkjestad. I dag dannar moloar på begge sider av holmen Kåja ei lun hamn midt i havgapet. På Kåja ligg eitt av fiskebruka i Vanna, «Torsvågbruket», og på toppen av Kåja er Torsvåg fyr. I dag har Torsvåg mellom 10 og 20 innbyggjarar.

Det er funne gravrøyser og steinaldertufter i og rundt Torsvåg, som tyder på at det har vore folk her sidan steinalderen. I følgje ei gammal segn som er med i Magdalene Thoresens «Billeder fra Midnatsolens Land» (1886), fekk plassen namnet sitt då Tore Hund frå dei fire brørne frå Bjarkøy, Tor, Grim, Bur og Getmund kom til Vanna og busette seg på kvar sin stad. Desse stadene fekk så namna Torsvåg, Grimsholmen, Burøy og Jetnes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomalder[endre | endre wikiteksten]

På Kirkesand har det stått eit fiskeværskapell, truleg frå 1400-talet til seint på 1600-talet. Presten i Helgøy sokn var i ein periode busett her, og erkebispen i Trondheim har også hatt ein mann i Torsvåg for å forvalte interessene sine.

Frå mellomalderen og fram til litt ut på 1600-talet blomstra fisket i Torsvåg, det var stort sett gode økonomiske tider både for fastbuande og tilreisande sesongfiskarar. Dei mest langvegsfarande skal ha kome heilt frå Salten. Det kom også folk frå andre land og busette seg i Torsvåg. Fiskehandelen voks fram og Torsvåg var både fiskevær, rorvær og handelsstasjon. Det var god handel og hyppig jektefart både til Trondheim og Bergen. Nyheiter frå inn- og utland, handelsvarer og moter var ferske da dei kom til Torsvåg, spesielt om sommaren. Men nedgangstidene på 1600-talet ramma også Torsvåg, det vart nedgang i folketalet og kyrkja forsvann.

Folketalet tok seg opp att utover 1700-talet, men først eit stykke ut på 1800-talet starta ei ny tid, då Tromsø tok over Bergens rolle som handelsby. På midten av 1800-talet kunne det vere opp til 130–140 båtar med nært 400 mann på sommarfiske i Torsvåg. På slutten av 1800-talet fekk Torsvåg viktige funksjonar som handel, post og anløp av dampskip. Nabobygda Vannareid var avhengig av fiskeværet, både for desse bygdefunksjonane og for å drive fiske. I denne tida var Torsvåg, som mange andre bygder på Vanna, prega av samisk busetjing. Det samiske språket forsvann etter kvart.

I løpet av heile året i 1905 var nærare 1000 fiskarar innom Torsvåg på fiske. Telefonen kom hit i 1910, det var 4–5 trandamperi her, rorbuer, tollstasjon, losstasjon og oppkjøpsfartøy. Det var to handelsmenn i Torsvåg.

Pomorhandel og nessekonger[endre | endre wikiteksten]

Russehandelen varte frå starten av 1800-talet og fram til 1919, med topp i tiåra kring 1900. I 1909 var det 18 russiske skuter i Torsvåg, dei fleste frå Arkhangelsk. Tørrfisk, råfisk og skinn vart bytta i mjøl, gryn og tauverk frå Kvitsjøen. I denne tida utvikla det seg et eige språk for handelen; russenorsk.

På slutten av 1800-talet utvikla nessekongesystemet seg, og i 1892 etablerte «Helgøykongen» sin handelsfilial i Torsvåg. Chr. Figenschou var då mektigaste handelsmann i kommunen, og han dreiv fleire fiskebruk, kreditt- og handelsverksemd. Sonen Dimitri tok over filialen i 1910 og frå 1920-talet starta han direkte eksport av fisk til England og Tyskland. Son hans, Kristian Fredrik, tok over handelen i 1943. Fiskebruket vart teke over av Tromsø Fryseri og kjøleanlegg i 1960.

Det har vore fleire som har drive handel i Torsvåg. Johan Figenschou etablerte handel i Torsvåg i 1890. Kring 1917 tok svigersonen Harald M. Solberg over, som dreiv handelen til omtrent 1932. Andre handelshus var Waldemar Figenschous filial (kring 1900-talet), Walderhaugs fiskebruk i Jørnhollet (1920-talet) og Bergstad fiskeforretning (kring 1930).

Hamneutbygging[endre | endre wikiteksten]

Russehandelen, dei mange tilreisande fiskarane og ishavsfarten frå Tromsø gjorde at Torsvåg vart prioritert som storhamn og utbygging av hamna vart sett i verk. I 1929 var Nordre molo bygd, men med ei opning for at båtane kunne passere. Kåja vart ikkje landfast før i 1962, då først vart opningen i moloen fylt. I åra etterpå vart dei to andre moloane bygd.

I 1904 vart det sett opp ei fyrlykt på Kåja, for å trygge innseglinga frå havet. I 1916 vart lykta erstatta av eit fyrtårn på 9,6 meter. Torsvåg fyr vart det første fyret i kommunen. Fyret var ein familiestasjon fram til 1980-talet. Torsvåg fyr fungerer i dag også som meteorologisk stasjon og stasjon for DGPS satellittnavigasjon. Fyret vart avfolka og automatisert i 2007, som det siste av alle fyra i Noreg.

Under andre verdskrigen inntok tyskarane Torsvåg straks etter okkupasjonen. Dei oppretta ein vaktstasjon og peilestasjon på fyret med 7–8 mann. Ein væpna vaktbåt var også stasjonert her under hele krigen.

Fiskebruket[endre | endre wikiteksten]

I tida etter krigen har fiskebruket i Torsvåg vore primær arbeidsplass for mange, både frå ytre Vanna og tilreisande. Linefisket har spesielt samla mykje folk her. Fiskebruket har i denne tida hatt ulike eigarar, og også ulike funksjonar, mellom anna foredling av lodde, reker og filetfabrikk. I dag er det ingenting igjen av dei opphavlege bygningane på bruket, sidan nokre bygg er vortne rivne og andre har vore ramma av brann.

I 2007 er Torsvågbruket AS eigd av Norfra-konsernet og er eit middels stort anlegg med kring 30 tilsette. Fiskebruket er basert på eit årleg råstoffkjøp på 3000 tonn og produserer saltfisk, ferskfisk og filet for eksport. Den lokale flåten som er knytt til fiskebruket består av kring 20 fartøy, fleire av dei driv med linefiske og bruker egnerbuene på bruket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brattrein, Håvard Dahl: Bygdebok for Karlsøy og Helgøy. Hansnes, Karlsøy kommune, 1989-1994. ISBN 82-991977-0-8.
  • Thoresen, Magdalene: Billeder fra Midnatsolens Land. Kjøbenhavn: Gyldendal 1884-1886.
  • Barth, Edvard K.: En væreiers hjem på en ensom øy. Vi selv og våre hjem, september 1938.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]