Tortuga

Koordinatar: 20°02′23″N 72°47′24″W / 20.03972°N 72.79000°W / 20.03972; -72.79000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

20°02′23″N 72°47′24″W / 20.03972°N 72.79000°W / 20.03972; -72.79000

Tortuga sett frå verdsrommet

Tortuga (fransk: Île de la Tortue) er ein karibisk øy som ligg nordvest for Haiti og er ein del av det haitiske departementet Nord-Ouest. Øya vart oppdaga av Kristoffer Columbus og namnet tyder «skjelpadde(øya)». På 1600-talet var øya ein fristad for karibiske sjørøvarar.

Øya er 37 km lang og 7 km brei, altså med ei overflate mindre enn 180 km², og utgjer ei tektonisk blokk som skil seg frå området elles.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tortuga vart oppdaga i 1494, under Kristoffer Columbus si andre ferd til «den nye verda». Sjømennene til Columbus kalla henne Tortugaskjelpadde») grunna pukkelforma.

Tortuga var opphavleg busett av nokre få spanske kolonistar. I 1625 kom det franske og engelske nybyggjarar til øya etter eigentleg å ha planlagt å busetje seg på Hispaniola. Dei franske og engelske nybyggjarane vart i 1629 angripne av spanjolane under kommando av Don Fadrique de Toledo. Spanjolane lukkast, okkuperte øya og utviste franskmennene og engelskmennene. Då mesteparten av den spanske hæren drog til Hispaniola for å jage vekk dei franske kolonistane der, vende franskmennene tilbake for å ta fortet. I 1630 bygde franskmennene fortet Fort de Rocher. Frå 1630 vart Tortuga delt i franske og engelske koloniar, noko som gjorde til at fleire piratar kunne bruke øya som hovudbase for verksemda si. I 1633 kom dei fyrste slavane fra Afrika for å arbeide ved plantasjane. Den nye bruken av slavar varte ikkje lenge, og slavehandelen vart avslutta i 1636. Slavene var sagt å vere ute av kontroll på øya, og samtidig hadde det vore usemje og konfliktar mellom dei franske og engelske koloniane. I tillegg vende spanjolane tilbake, og hærtok raskt landområda til fiendane før dei drog igjen. Dei såg på øya som for lita til å vere særleg viktig. Dette gav franske og engelske piratar moglegheita til å kome tilbake. I 1638 vende spanjolane nok ein gong tilbake for å ta tilbake øya og fjerne alle franskmenn, i tillegg til nederlendarane som nyleg hadde kome. Dei okkuperte øya, men vart ikkje lenge etter jaga vekk av fiendane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]