Store Torungen fyrstasjon

Koordinatar: 58°23.7676′N 8°47.8161′E / 58.3961267°N 8.7969350°E / 58.3961267; 8.7969350
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Torungen fyr)
Store Torungen fyrstasjon

FylkeAgder
KommuneArendal
FunksjonKystfyr
Oppretta1844
Koordinatar58°23.7676′N 8°47.8161′E / 58.3961267°N 8.7969350°E / 58.3961267; 8.7969350
Fyrtårn
Høgd34,3
FormKvitt tårn med eitt raudt belte
ByggjematerialeStøypejern
Fyrlys
LyskarakterLysglimt kvart 20. sek.
Lyshøgd43,3 moh.
Lysvidde18,5 nm
Status
EigarStaten
Automatisert2004
Avfolka2004
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Kart
Store Torungen fyrstasjon
58°23′56″N 8°47′25″E / 58.3989°N 8.7902°E / 58.3989; 8.7902

Store Torungen fyrstasjon er eit fyr som ligg ved innløpet til Arendal i Agder.

Fyrstasjonen er eit kystfyr som vart oppretta i 1844 samstundes med fyrstasjonane Lille Torungen og Sandvikodden. Store og Lille Torungen fyr vart bygd som tvillingfyr og derfor vart Arendal kalla «Byen med de tvende Fyrtårn».

Det første anlegget[endre | endre wikiteksten]

Store Torungen fyrstasjon is located in Aust-Agder
Plasseringa til Store Torungen fyrstasjon

Det første fyret på Stor Torungen vart bygd i tegl og lykta stod 42,5 meter over havnivå. Store og Lille Torungen vart bygd 1 100 meter frå kvarandre. Det vart oppført to tårn for å unngå forveksling med Oksøy i vest og Jomfruland i aust. Det vart bygd større fyrvaktarbustad enn vanleg med eit lite rom der assistenten kunne ha tøyet sitt og vere for seg sjølv. Store Torungen vart tent 1. september 1844

Dagens anlegg[endre | endre wikiteksten]

Relativt tidleg fekk ein problem med å vedlikehalde dei to fyra og det kom òg etter kvart krav om kraftigare lys. I 1914 vart eit nytt støypejernstårn bygd og teglsteinstårnet vart rive ned. Støypejernstårnet er 34,3 m høyt og har eit eldre, fransk linseapparat av 2. orden. Tårnet på Lille Torungen vart bevart etter initiativ frå innbyggjarane i Arendal.

På fyrstasjonen finn ein maskinhus, bustader, uthus og ei gammal smie. Det er òg båtlanding med naust, tufter etter tegltårnet og tidlegare bustader og uthus, hagar og spor etter eldre hagar og mindre jordbruksdrift.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det står ein vêrstasjon frå Meteorologisk Institutt på Torungen med synopnummer 1465. Han ligg 12 meter over havet og har vore i drift sidan juli 1867.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) -0,3 -0,8 1,3 4,4 9,4 13,7 15,5 15,3 12,5 9,1 4,6 1,6 7,2
Nedbør (mm) 74 48 57 42 59 54 66 82 96 112 105 75 870

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]