Torvhund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Torvhund, eller torvmosehund, (Canis lupus palustris, Canis familiaris palustris), av og til òg kalla torvspitz, var ein prehistorisk tamhund som av type var særs like dagens nordlege spisshundtypar og pariahhundar. Han er no utdøydd.

Det er gjort arkeologiske funn av torvhundar over store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika. Slike funn er som oftast gjort på eller like ved buplassar som er daterte til oldtida. Det første funnet vart gjord i eit såkalla pælebygningskulturlag i Tirol. Typen har difor òg gått under namnet pælebygningsspiss. I Noreg er funnet av den kring 7 000 år gamle varangerhunden det eldste beviset vi har for tamhundar her i landet.

Ein trur at torvhunden har livnært seg som pariahhund i byrjinga, men seinare meir og meir som ein hund ått av mennesket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]