Torvløysa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torvløysa
fjell
Torvløysa sett frå Linge på nordsida av Norddalsfjorden.
Land  Noreg
Område Fjord (Møre og Romsdal)
Høgd 1 851 moh.
Primærfaktor 700 m
Kart
Torvløysa
62°12′N 7°18′E / 62.2°N 7.3°E / 62.2; 7.3

Torvløysa er eit fjell i Fjord kommune i Møre og Romsdal. Det har ei høgd på 1851 meter over havet og er det 358. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.

Torvløysa ligg i bygda Norddalen (Dalsbygda) mellom Storvatnet i fjelldalen Dyrdalen og Herdalssætra. Toppunktet ligg på ein flat kuppel med bratte sider mot Kupebreen i sør, Fursetdalsbreen i nordaust og Storvatnet i vest. Mot nord og aust er terrenget slakare. Frå Dalsvika utanfor Norddalen og frå nordsida av Norddalsfjorden ser fjellet ut som ein mektig koloss høgare enn fjella rundt seg, med brear framom og oftast ei snøkrune på toppen. Toppområdet er dekt av til dels store steinblokker. Vanlegvis vert det snøbert i løpet av juni månad.

Torvløysa er eit mykje brukt turmål både til fots og på ski. Før det kom bilveg til Rellingsætra, var det vanleg å gå frå fremste garden i bygda. Derifrå er det over 1700 høgdemeter til topps. I dag går turen like ofte via Dyrdalen som Herdalen. I begge tilfella har ein meir enn 1300 høgdemeter å tilbakeleggje før ein når toppunktet.

På Torvløysa er det påvist soter i opptil 1640 moh. og mindre enn ein kilometer frå toppen. Desse sotene, brukt av jegerar under reinsjag, kan vere 7-8000 år gamle. Truleg var ein namnlaus reinsjegar den fyrste som stod på toppen. Den eldste skrivne kjelda vedkomande bestigning av Torvløysa har ein i observasjonsboka til Fredrik Sejersted. 17. august 1866 føretok han sine målingar for Norges Geografiske Oppmåling.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Ivar Grønningsæter: Torvløysa i Årbok for Sunnmøre 2006

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]