Hopp til innhald

Tosen

(Omdirigert frå Tosenfjorden)

65°11′2.0220″N 12°39′49.691″E / 65.183895000°N 12.66380306°E / 65.183895000; 12.66380306

Tosen
fjord
Flyfoto frå aust av Tosenfjorden.
Foto: Erlend Bjørtvedt
Land  Noreg
Kart
Tosen
65°11′02″N 12°39′50″E / 65.183895°N 12.66380306°E / 65.183895; 12.66380306

Tosen (også kalla Tosenfjorden, sørsamisk Dåasa[1]) er ein fjord i Bindal og Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden er ei fortsetjing av Bindalsfjorden og strekkjer seg 32 km nordaustover til Tosbotn.

Fjorden har innløp mellom Storvardneset i nord og Hikkilsberget i sør like aust for øya Øksninga. Den første delen av fjorden er utan vegsamband på begge sider og er forholdsvis urørt med bratte fjellsider med høgder på 400-500 meter over havet. Lande ligg om lag 20 km inn i fjorden på nordsida. Frå her følgjer Riksveg 76 nordsida av fjorden inn til Tosbotn. Fjellsidene er derimot høgare her inne, rundt 600-700 meter, men på austsida stig Kallklavtinden opp til 932 meter over havet. Nesten inst i fjorden ligg Tosbotnøya.

Namnet på fjorden kjem av dialektuttrykket tosa, 'skodde'. Det siktar til at det ofte er skodde over fjella inst i fjorden.

  1. «Tosen», stadnamn.kartverket.no (på norsk), henta 17. august 2025