Hopp til innhald

Tosno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tosno
Тосно
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Folketal 32 074 (2024)
Først nemnd i 1500
   Bystatus 1963
Retningsnummer +7 81361
Kart
Tosno
59°32′28″N 30°52′30″E / 59.541111111111°N 30.875°E / 59.541111111111; 30.875
Wikimedia Commons: Tosno

Tosno (russisk То́сно) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg langs elva Tosna, 53 km søraust for Sankt Petersburg.

Både motorvegen M10, som knyt saman Moskva og St. Petersburg og jernbanen Moskva-Sankt Petersburg går gjennom byen.

Landsbyen Tosno vart først nemnt i russiske kjelder i 1500. Utviklinga til byen på 1700- og 1800-talet skuldast hovudsakleg plasseringa ved vegen mellom dei to russiske hovudstadane. Han vart stort sett øydelagd under den andre verdskrigen og seinare bygd opp att. Han fekk bystatus i 1963.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Tosno