Tosten Flatmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tosten Kristensson Flatmo, også T.C. Flademoe, (18311886) var ein biletskjerar frå Lom i Oppland.

Flatmo lærde seg til treskjerar i heimbygda. Nokre av hans tidlege arbeid fekk han seld i Christiania gjennom Jean Edmund de Conick. Tidleg i 1850-åra flytta Flatmo til hovudstaden, der han arbeidde i verkstaden til Conick. Ei tid gjekk Flatmo i lære hos bilethoggaren Julius Middelthon. Seinare dreiv Flatmo eigen verkstad i Christiania, der han skar møblar, gallionsfigurar, skipsornament, knivslirer, med meir. I 1872 skar han ut ei byste av Hans Nielsen Hauge til misjonsskipet med samne namn, eit arbeid som vert rekna som hovudverket hans. Flatmo var elles læremeister for den unge Gustav Vigeland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]