Totland Bay

Koordinatar: 50°40′48″N 1°33′05″W / 50.6800°N 1.5514°W / 50.6800; -1.5514
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Totland Bay sett frå Headon Warren.
Totland Pier.

Totland Bay er ei bukt på vestkysten av Isle of Wight i England. Ho ligg vest for landsbyen Totland, som ho har namn etter. Ho vender nordvestover og har ei 4 km lang kystlinje. Bukta består av ei rett vestleg stykke med ei strand, eit betongdike, bølgjebrytarar og ein molo, og ein rett nordleg klippekyst. Bukta strekkjer seg frå Warden Point i nord til Hatherwood Point i sørvest.

Havbotn er ei blanding av gjørme og sand. Stranda består hovudsakleg av grus. I eine enden av bukta ligg ein redningsbåtstasjon. Denne vart bygd frå lokale søndagskuleborn i 1870. I 1915 hadde redningsbåtstasjonen her den første dampgåande redningsbåten på øya. Stasjonen vart lukka i 1924, men restane av han finst framleis.[1]

Brygga[endre | endre wikiteksten]

Brygga i Totland Bay vart bygd i 1880. Han vart bestilt av Totland Bay Hotel og teikna av S.H og S.W Yockney med ei lengd på 150 meter. Brygga vart bygd med lette berebjelkar av støypejern med eit tømmerdekk. Brygga skulle nyttast av dampskip som frakta turistar til området, men berre få skip kom hit. I dag er brygga stengd for publikum. Det er ein liten kafe inst på brygga. Ytst på brygga står framleis det originale skuret, som i dag er i privat eige og vert nytta som kunstgalleri.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Totland Bay». www.totlandbay.com. Arkivert frå originalen 22. mai 2011. Henta 11. januar 2010. 

50°40′48″N 1°33′05″W / 50.6800°N 1.5514°W / 50.6800; -1.5514