Tottenbreen
Tottenbreen | |||
isstraum | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stad | Wilkes Land | ||
- koordinatar | |||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Tottenbreen | |||
Tottenbreen er ein stor isbre, som er kring 65 km lang og 30 km brei, utanfor Budd Coast i Wilkes Land i den australske delen av Antarktis. Han flyt nordaustover frå innlandsisen, men svingar nordvestover ved kysten der han endar i ein kjend tunge like aust for Cape Waldron. Han vart først kartlagt frå flyfoto tekne av USN Operasjon Highjump (1946–47) og vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter George M. Totten, som var sjøkadett på USS «Vincennes» under United States Exploring Expedition (1838–42), og som assisterte løytnant Charles Wilkes med å rette opp i landmålingsdata dei hadde henta inn på ekspedisjonen.
Forskarar som studerer effektane av global oppvarming meiner at inntrenging av sjøvatn i området kan destabilisere ein stor del av Den austantarktiske innlandsisen.[1]
Totten bretunge er ei markant isbretunge som strekkjer seg utover i sjøen frå Tottenbreen. Ho vart skissert ned frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump (1946–47) og vart namngjeven av US-ACAN i samband med Tottenbreen.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Totten Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 29. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Pearce, Fred (2007). With Speed and Violence: Why scientists fear tipping points in climate change. Beacon Press Books. ISBN 978-0-8070-8576-9.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Totten Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).